Barn og unge

Dei tilsette i barnehagane vart bedt om å teikne inn kva for nærområde dei nyttar

Dokument:

Barneskulen

Elevane teikna sin favorittstad i nærmiljøet.

Dokument:

Ungdomsskulen og Bygland ungdomsråd

Vi gjennomførte idemyldring med ungdommane. Overskrifta var «Kva skaper trivsel i lokalmiljøet ditt?» Dei fekk presentert delar av Ungdata-rapporten som gjekk på trivsel og diskuterte desse spørsmåla:

  • Kor er ungdom utanom skuletid?
    List opp flest mogleg møteplassar/lokale/stader/arenaer på 5 minutt
  • Kva for møteplassar treng vi?
    Kom med så mange forslag de kan

Til slutt gjorde dei ei prioritering av dei møteplassane dei ønska seg mest.

Dokument:

Lag og organisasjonar

Bygland frivilligsentral og planavdelinga samarbeidde om møte med lag og organisasjonar. Det vart gjennomført eit digitalt møte der alle lag og organisasjonar i kommunen var invitert. Møtet var delt i to, ein del frå Frivilligsentralen og ein del frå planavdelinga. I første del vart Foreningsportalen og arrangementskalenderen som følgjer, presentert. I tillegg ønska vi dialog rundt lag og organisasjonar sine behov. I andre del ønska vi å høyre om deira tankar og innspel til kommuneplanen sin arealdel, og om laga og organisasjonane har behov for areal til ny aktivitet. 

Det var 8 lag og organisasjonar som deltok.

Dialogmøte med lag og organisasjonar 05.05.21

Innbyggjarane

I perioden 26.05-03.06.21 vart det gjennomført fem opne møte der innbyggjarane vart invitert til å kome med innspel til arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

  • Årdalshallen 26. mai kl 18-20
  • Grendi grendehus 27. mai kl 18-20
  • Bygland kulturscene 31. mai kl 18-20
  • Åraksbø grendehus 2. juni kl 18-20
  • Ose grendehus 3. juni kl 18-20

Tema det vart fokusert på var bustad, næring, samferdsel, friområde og friluftsliv.

Idedugnad innbyggjarar

Innspel KPS folkemøte Ose, 03.06.21

Innspel KPA folkemøte Bygland 31.05.21

Innspel KPA folkemøte Grendi 27.05.21

Innspel KPA folkemøte Åraksbø 02.06.21

Innspel KPA folkemøte Årdalshallen 26.05.21

Rådet for eldre og funksjonshemma

Innspel til kommuneplanen sin arealdel var sak i rådet for eldre og funksjonshemma sitt møte 15. mars 2021. Tema for diskusjonen var:

  • Gi eksempel på gode måtar å utnytte areala i Bygland kommune.
    • Er det område/møteplassar som det er viktig å ta vare på?
    • Er det område som bør får endra arealbruk?
    • Korleis kan vi få til ei berekraftig tettstadutvikling?
    • Trafikksikkerheit, parkering, framkomst og tilgjengelegheit.
  • Kva meiner de skal til for å få ei betre arealutnytting i Bygland?
    • Korleis legg vi til rette for at alle trivst og lever godt i kommunen?
    • Kva for overordna grep skal vi ta?
    • Bustadpolitikk – fortetting, omforming, spreidd busetnad?
    • Bruk av natur- og friluftsområde?
    • Bruk av strandsona?
    • Sambruk/fellesløysingar?
       
  • Visst de fekk bestemme, kva for 3 tiltak ville de prioritere for å få ei betre arealutnytting i Bygland?
    • Gje døme på konkrete tiltak med bakgrunn i diskusjonen de har hatt i dei to første punkta.

Innspel til KPA - REF 15.03.21

Einingane

Einingane vart utfordra til å ta utgangspunkt i eigen arbeidskvardag og tenke gjennom kva behov eininga og brukarane har, og svare på spørsmålet "Er det område/areal som bør sikrast, endre bruk eller bli tilrettelagt for aktivitet?"

Drift og forvaltning
Innspel frå DFV 12.01.21

Oppvekst
Infoskriv til Oppvekst
Innspel frå Bygland oppvekstsenter

Helse og Pleie og omsorg
Infoskriv til Helse og Pleie og omsorg
Innspel frå Helse og Pleie og omsorg

Temamøte landbruk og utmarksnæring

Tidspunkt: 12. oktober 2021 kl. 18 - 21
Stad: Bygland kulturscene
Deltakarar: ca 50

Program:

  1. Informasjon om rullering av kommuneplanen sin arealdel v prosjektleiar Sonja Lien Skjevrak. 
  2. Statsforvaltaren v / Torfinn Vollan orienterer om «Garden som ressurs». 
  3. «Samarbeidsmodellar, planlegging og næringsutvikling på landbrukseigedomar og i utmark» v / Kjell Ove Solbakken i Norsk Turistutvikling AS ( NTU – AS ). NTU – AS er eit av Noregs leiande kompetansemiljø innan reiseliv. Dei bistår reiselivsverksemder, destinasjonar og offentlege aktørar med rådgjeving og gjennomfører analyser og vurderingar for å gi oppdragsgjevarane eit best mogleg grunnlag for å lukkast. 
  4. Status på Bleka og Bleka som framtidig ressurs v / Fisk – og vassdragsforvaltar i Bygland kommune, Nils Børge Kile. 

Presentasjonar frå samlinga:

Presentasjon Sonja Lien Skjevrak
Presentasjon Torfinn Vollan
Presentasjon Nils Børge Kile