Kommunen er langt framme innan breiband og fiber, og er på den måten med i den digitale verda. Ein kan like godt arbeide i Singapore som i Oslo, med base i Bygland. Ein ser at det vert meir og meir naturleg å tenke på Setesdal som ein felles arbeidsmarknad. I den forbindelse ligg Bygland midt i dalen med gode arbeidsmoglegheiter.

Primærnæringa er jordbruk. Kommunen har elles bedrifter innanfor produksjon, industri, bygg og anlegg. Innanfor tenesteyting er reiseliv og sal og service viktig.

Bygland kommune legg til rette for å stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Kommunen samarbeider med Setesdal Interkommunalt politisk råd og har eit eige næringsfond som vert nytta til å fremje næringsutvikling i kommunen.

Næringsfondet skal forgrinnsvis nyttast til næringsformål, som for eksemple bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, samfunnsutvikling, ulike typar utviklingsarbeid med meir. Fondet kan også nyttast til kommunale investeringar i varige driftsmiddel. Næringsfondet dekker ikkje avdrag og renter på lån eller laupande drift.

Vedtektene til næringsfondet finn du HERLenke til Setesdal Interkommunalt politisk råd

Retningsliner for sal av kommunale næringstomter

Kommunen sin kontaktperson i høve næringssaker er leiar Samfunnsutvikling, Aslak J. Brekke.

 

Næringsareal i Bygland kommune

Agder fylkeskommune har utvikla ei kartløysing som viser alle næringsareal i Agder. Bygland kommune har registrert alle regulerte næringsareal i løysinga, både utbygde og ikkje utbygde areal, men ein ber gjerne om tilbakemelding viss noko er registrert feil, eller om det er områder som ikkje er blitt registrerte. Kartløysinga finn du her.

Ta kontakt med aslak.brekke@bygland.kommune.no viss noko er feil.