Enkelt å forstå

Denne nettsida er ein språkprofil.

Målet med språkprofilen er å gjere det enklare for deg å skrive rett, enkelt og godt, slik at mottakarane forstår kva du meiner med det du skriv.

Språkprofilen er ikkje ein fasit, men eit verktøy som skal gjere det enklare for deg å skrive godt.

Klart språk

Vi skriv nynorsk i Bygland kommune. Det betyr at alt du sender frå deg eller presenterer som tilsett i Bygland kommune skal vere på nynorsk.