Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

GNIST: Det gode livet rundt Byglandsfjorden

Jenter i bunad

Vi skal skape Det gode livet rundt Byglandsfjorden

Byglandsfjorden er hjarta i Bygland kommune, og har blitt omtalt som "Norges mest underkommuniserte naturperle". Dette ønskjer vi verkeleg å gjere noko med!

Vi gjennomfører difor ein prosess saman med Agder fylkeskommune for å få fram gode tankar, idear og planar som kan hjelpe oss å realisere det verkelege potensialet Byglandsfjorden har. NHO sitt kommune-NM slår fast at Bygland kommune har Agder sin lågaste bustad-, nærings- og besøksattraktivitet. For alle oss med eit stort hjarta for Byglandsfjorden er ikkje dette lett å forstå.

Potensialet er enormt, sidan vi frå naturen si side er gitt dei aller beste føresetnadane. Reint og ferskt vatn, sandstrender, holmar/skjær, spektakulære  utsiktspunkt, god plass, ro og fred og bleka. Grønt skifte og blå økonomi hand-i-hand. Gjort på målretta og systematisk vis er det mogleg å etablere berekraftige løysingar, for både turistar, innbyggarar og næringsdrivande. Vi ønskjer å legge til rette for eit berekraftig bu- og arbeidsmiljø, med særleg søkeljos på nye arbeidsplassar. Det er nærliggande å tenke at dette kan vere innanfor reiseliv og kultur, men vi ønskjer også andre næringar velkomne, det vere seg både "grøne", "blå" og andre fargar. Skal vi skape arbeidsplassar må vi også kunne tilby dei menneska som skal jobbe her, gode butilhøve. Og kvar er det ikkje vakrare og flottare å bu enn rundt Byglandsfjorden? Med både Presteneset på Bygland, fjordbyen Byglandsfjord og festivalbygda Ose, har vi starta planlegginga.

Avisfaksimile

Tar vi med oss den rike historia som ei kraft inn i framtidsretta løysingar, meiner vi at vi saman kan skape noko heilt ekstraordinært. Vi kan igjen skape "smilande grender" rundt Byglandsfjorden, der folk trivast med å bu, jobbe og feriere.