. Den delen av tømmerverdien som blir sett av til skogfond vert ikkje rekna som skattepliktig inntekt. Skattlegging skjer fyrst når pengane blir tekne ut frå fondet og då er 85 % av uttaket unnateke skattlegging.

Skogfond brukast til å dekke kostnadar til skogkultur (planting, ungskogpleie m.m.), skogsvegar, skogforsikring, skogbruksplanar og skogrelaterte kurs m.m. Skogfond kan ikkje nyttast til oppretting av køyreskader etter hogst eller til vedlikehald av traktorvegar.

Skogfondsordninga blir administrert av skogansvarleg i kommunen. Søknadar om utbetaling i frå skogfond sendast til kommunen på eige skjema eller elektronisk via Altinn. Søknadar blir handsama etter kvart som dei kjem inn. Krav om utbetaling frå skogfond på ei investering eller utført arbeid må sendast inn seinast eitt år etter utgangen av kalenderåret tiltaket vart utført.  

Meir informasjon om skogfond og skjema finn du her

Ta kontakt med skogbrukssjefen om du trenger meir informasjon eller veileiding i bruk av skogfond.