Miljødirektoratet sin naturbase

Naturbase gir deg kartfesta informasjon om utvalde natur- og friluftslivsområde. Kartet er nyttig for mellom anna kommunale planleggjarar, konsulentar, grunneigarar og lokalt reiseliv. Du kan og skreddarsy ditt eige turkart.

Miljødirektoratet - miljøstatus for Noreg

Miljøstatus i Noreg gir deg den nyaste informasjonen om miljøet sin tilstand og utvikling. Her blir miljøkunnskap presentert i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøet sin tilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak.

Vannportalen

Inngangsportalen til informasjon om vatn i Noreg. Her kan du finne korleis det står til i vatnet (miljøtilstand, miljømål, tiltak, påverkingar osv.) og få ut data i ulike format (faktaark og kart)

NGU

NGU byggjer og held ved like fleire nasjonale databaser som omfattar aktuell informasjon om Noreg sin berggrunn, lausmasser, mineralske ressursar og grunnvatn. I tillegg er det kart som syner radonførekomstar, aktsemdsområde for snø- og steinskred og kvikkleireførekomstar.