Din fantastiske 2-åring

  • vil gjere seg meir og meir forstått via språket. 
  • trenger å oppleve at de meistrar ting sjølv. Barnet har stor glede av å klare meir alene. 
  • blir meir opptatt av leik og andre barn. Får venner. 
  • viser stadig meir eigenvilje. 
  • vil fortsett trenge mye nærheit, omsorg og merksemd av deg. 
  • vil kunne ta enkle val f.eks. ost eller leverpostei på brødskiva, men kan ikkje bestemme at det skal gå utan sko midtvinters, leggetider o.l. 
  • vil ha mykje humor og fantasi.
 

kilde: Bufdir.no

 

Innhald i 2-års konsultasjonen med Helsesjukepleiar

  • Høgde og vekt
  • Språkkartlegging
    • Gjennom leik forsøker vi, saman med føresette, å kartlegge barnets språkutvikling. Det er store individuelle forskjellar på språket ved denne alderen, og barna er i en alder der språket ofte utviklast frå dag til dag. Nokon barn ønsker heller ikkje å preike så mye på helsestasjonen, mens de preikar mye heime eller i barnehagen. Dette er helt normalt.
  • Samtale rundt aktuelle tema. Dette kan eksempelvis være sjølvstende og meistring, kosthald, søvnvaner, tannhelse, førebygging av vald og overgrep, grensar for egen kropp 
  • Legeundersøking. Under legeundersøkinga gjer legen en generell helseundersøking. Dette gjer ikkje vondt, og vi prøver å gjere undersøkinga så ufarleg og leikbetont som mogleg
 
Det er fint å førebu barnet i forkant av konsultasjonen på kva som skal skje.

Din fantastiske 4-åring

  • har etter kvart blitt en sjølvstendig person og meistrar mange oppgåver. 
  • treng framleis mykje omsorg og har nokon gonger behov for å vere liten.
  • er ofte nysgjerrige på alt som er nytt. 
  • vil ha kunnskap og informasjon, de spør ofte: «kvifor det?». 
  • kan vere vare for forandring, og trenger forberedelse. 
  • liker tydelege og klare grenser som blir sagt på en roleg og konsekvent måte.
  • lærer positiv åtferd ved å få støtte og ros, og ved å etterlikne andre sin tilsvarande åtferd. 
 
 
 

Innholdet i 4-årskonsultasjon med Helsesjukepleiar

  • Høgde og vekt
  • Synsundersøking. Under synsundersøkinga vil barnet få på seg lapp eller briller da vi testar eit auge av gangen. Tenk over om det har vært nokon teikn på nedsett syn. 
  • Høyrselundersøking. Ved høyrselundersøkinga høyrer barnet lyder gjennom hovudtelefonar.  Dette er ikkje vondt og gjennomførast basert på leik. 
  • Språk. 4-åringen kan ofte mange ord og har god språkforståing. Nokon barn seier foreløpig ikkje R og/eller bytter for eksempel K med T. Språk er modning og barna utviklar seg forskjellig. 
  • Under konsultasjonen bruker vi en observasjonsmetode for å få et heilskapleg bilde av barnets språkutvikling. 
  • Samtale rundt aktuelle tema. Motorikk og koordinasjon via lek, aktivitetsnivå, sjølvstende og meistring, kosthald, søvnvaner, tannhelse og vald, overgrep og grenser for egen kropp.
Det er fint å førebu barnet i forkant av konsultasjonen om kva som skal skje. 

Kva tid blir barnet ditt innkalla?

  • Nyfødt: Heimebesøk av helsesjukepleiar.
  • 2-4 veker: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
  • 6-8 veker: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking. Vaksinasjon.
  • 3mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
  • 4mnd: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
  • 5mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
  • 6mnd: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking.
  • 8mnd: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
  • 10mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 12mnd: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking. Vaksinasjon.
  • 15mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
  • 17-18mnd: Samtale med helsesjukepleiar.
  • 2år: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking.
  • 4år: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.

 

Det er berre å ta kontakt utanom dei faste helsestasjonsprogrammet.

På helsestasjonen legg vi vekt på:

  • å ha fagleg kvalitet på tenestene
  • å møte brukarane våre venleg, høfleg og med respekt
  • å vise brukarane til rette instans dersom vi ikkje kan hjelpe
  • å yte tenesta ut frå foresatte sine behov

Kva helsestasjonen ønskjer av deg som brukar:

  • at du gir oss dei opplysningane vi treng for å hjelpe deg
  • at du gir helsestasjonen beskjed dersom det er endringar i din situasjon som får innverknad på tenesta du mottek
  • at du møter presis til avtalt tid, og gir beskjed dersom du er forhindra i å møte
  • tida er dykkar - bruk den som du vil!

Kontaktinformasjon

Helsesjukepleiar Linda Stokkeland
T: 476 23 122
E: linda.stokkeland@bygland.kommune.no

Tilgjengeleg måndag - fredag. Ta kontakt for avtale utanom helsestasjonsprogrammet