Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Reguleringsplan

 

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert arealplan enn til dømes arealdelen til kommuneplanen. Reguleringsplanen seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i særskilte område i ein kommune. Ein reguleringsplan er òg i mange tilfelle naudsynt rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, medrekna ved eventuell oreigning (ekspropriasjon).

Ein reguleringsplan er samansett av eit plankart, føresegner og planforklaring. Det fins to typar reguleringsplanar:

Områdereguleringsplan blir som regel utarbeida av kommunen der det er krav om områderegulering i kommuneplanen sin arealdel eller der det er trong for meir detaljerte, områdevise avklaringar av arealbruken, til dømes "Områdereguleringsplan for Presteneset".  

Detaljreguleringsplan er ein plan for mindre område, og for bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Detaljregulering blir nytta for å følgje opp kommuneplanen sin arealdel og eventuelle krav fastsett i vedteken områderegulering. Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremje forslag til detaljregulering.

Ei oversikt over reguleringsplanane i Bygland kommune finn ein i planregisteret. Alle vedtekne reguleringsplanar ligg òg inne i karttenesta til kommunen.