Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Revidering av arealdelen

Arealplanen er ein overordna plan for kva areala i kommunen skal brukast til. Arealdelen har rettsverknad i den forstand at den einskilde grunneigaren ikkje kan ta i bruk og/eller bygge på eller dele eigedomen sin på annan måte enn den som er fastsett i planen. 
 

Revidering av ein arealplan er ein omfattande prosess. For kommunen er det viktig å leggje til rette for ein god prosess som gjer det mogeleg for innbyggjarar, frivillige organisasjonar, næringsliv og andre interesserte å kome med innspel og synspunkt på planen.

På denne sida vil du bli informert om prosessen før, under og etter planrevidering. 

Denne sida vil bli oppdatert undervegs i heile prosessen. Ønskjer du å halde deg oppdatert om arbeidet, følg med her for ny informasjon.