Helsestasjon for ungdom

Gratis og lett tilgjengeleg for ungdom opp til 20 år! Samtale, rådgjeving og helseopplysning.

Helsestasjon for ungdom er tysdagar i oddetalsveker frå kl. 15.00 til 16.30.

Vanlege tema:

  • Kost/ernæring
  • Livsstil/kropp/helse
  • Seksualitet/prevensjon/helse
  • Smitte
  • Rusmiddel/tobakk og snus
  • Venner/einsemd/mobbing
  • Tap/sorg
  • Psykisk helse

Preikes.no

Preikes er eit tilbod for deg som er elev på vidaregåande eller lærling i Agder. Her kan du kontakte helsesjukepleiar anonymt via chat eller meldingar.

Om du lurar på noko, eller har behov for å lufte tankane? Vi er her for deg!

Les meir på preikes.no