Gaute Ubostad[1]
Foto: Aina Regina

Gaute Ubostad

Gaute Ubostad er ein av dei med størst utviklingskraft på Agder, og er involvert i utallige utviklingsprosjekt innan reiseliv- og opplevingsindustrien.

Han driv blant anna Rosfjord Strandhotell og Lindesnes Hotell. I 2019 var han med på å etablere restauranten Under, som no har fått ei stjerne i Michelin-guiden. 

Om tema er "Utvikling", så er Gaute anten med - eller interessert i å bli med.

Jan Fasting
Foto: privat

Jan Fasting

Jan Fasting er ein eventyrar med lang erfaring som entreprenør og gründar av kreative og unike friluftskonsept. Jan si evne til å tenke "utanfor boksen" har skapt konsept som 71 grader nord og Canvas, eit internasjonalt anerkjent hotell for stisykkelentusiastar i villmarka i Nissedal. Canvas er no og etablert på Tromøya i Arendal.

På samlinga vil Jan bruke sitt blikk til å peike på dei grepa han ville tatt rundt Byglandsfjorden.

Foto: www.yourdanishlife.dk
Foto: www.yourdanishlife.dk

Rasmus Johnsen

Rasmus Johnsen er dansk entreprenør, og har mange års erfaring frå å utvikle og leie innovasjonsprosjekt. Han har motteke Det Danske Kulturdepartementet sin sportspris for sitt arbeid med å utvikle konseptet Cold Hawaii i Klitmøller. Klitmøller har gått frå å vere eit søvnig fiskarsamfunn til å bli eit paradis for surfarar og storbymenneske, og bustadane blir rivne vekk i høgt tempo.

Det var Rasmus som laga masterplanen for denne transformasjonen.

Tom Slorafoss
Foto: privat

Tom Slorafoss

Byglendingar kjem i mange former. Tom Slorafoss har blitt ein av oss, som hytteeigar i kommunen. Han har eit brennande hjarta for livet langs fjorden, og ikkje minst ein kompetanse og ei erfaring som vi no nyt godt av.

Tom har lang leiarerfaring frå DNB der han blant anna har hatt ansvar for store prosjekt på utvikling og implementering av marknadsstrategiar og arbeidsprosessar. Akkurat no er han på veg inn i ny stilling i Cap Gemini. På samlinga vil Tom kople si lange erfaring med entusiasmen han har knytta til alle moglegheiter rundt fjorden.

Foto: Instruktørkatalogen. (www.instruktørkatalogen.no)
Foto: www.instruktorkatalogen.no

Olav Grendstad

Olav Grendstad er skodespelar og regissør innan revy og teater. Han har jobba frilans  sidan 1995, og tar på seg små og store oppdrag som underhaldar og konferanseleiar. Han er teatersjef og instruktør for Friteateret og Friteaterskolen. Han har mange oppdrag lokalt på Agder innan regi, konferansiering, konferansestunt og barneteater.

I 2020/2021 flytta Olav til Bygland. Han opna kulturkafeen Stoga Bygland på Presteneset 21. juni 2021 saman med Harde Johannessen og dottera Sofie Grendstad Takvam.