Aldersinndelinga og tidsrom for ungdomsklubben er slik:

  • Måndagar kl. 18.30 - 20.00: 5. -7. klasse (Byglandshallen)
  • Måndagar kl. 20.00 - 22.00: 6. -10. klasse (Byglandshallen)
  • Onsdagar kl. 19.00 - 22.00: 6. -VGS (Byglandshallen)
  • Fredag kl. 18.00 - 21.00: 5.-7. klasse (Årdalshallen) Plan for veke og dato for denne klubbdagen blir sendt ut i eige vedlegg
  • Laurdag kl. 19:00 - 23:00: 6. -VGS (Byglandshallen) Plan for veke og dato for denne klubbdagen blir sendt ut i eige vedlegg

Ungdomsklubben held fast til i Byglandshallen. Det er også klubb i Årdalshallen.
Det er tilsett ein ungdomsarbeider i 25 % stilling på klubben.

Klubben er eit populært og positivt tilbod for ungdomen i Bygland kommune.
Aktivitetsplan og arrangement blir utarbeidd ilag med leiar og eige husstyret i klubben.
Ungdomen har høve til å spele ulikt ballspel, Playstation, Air-hockey og Brettspel. Det er også sofagrupper, der ein kan få slappe av.

Vi tilbyr også kiosk.

Du kan finne halvårsplan for 2. halvår 2023 lenger nede på sida under "Vedlegg"