Gullfunnet

Funnet var gjort av nokre gjetargutar som var ute med buskapen nordover frå garden og beitemarka som seinare vart sett under vatn då fjorden vart neddemt ved århundreskiftet. Der i strandkanten på Gullsand ved Stemsbekk fann dei ein lerpose i sanden. Den viste seg å innehalde ei stor samling gullgjenstander.

Gutane tok dette heim, og bøndene på Nese kontakta lensmann Løvdal og sokneprest Münster i Bygland. Desse embetsmennene utforma så ei detaljert gjenstandsliste og sende gullfunnet til Finansdepartementet, saman med gjenstandslista. Derfrå vart gullfunnet overdrege til Universitetets Oldsaksamlingar, nå Kulturhistorisk Museum (KHM) i Oslo.

Funnet vert av arkeologane beteikna som eineståande i sitt slag i Noreg. Gjenstandane frå funnet i Bygland er frå ei tid etter Romerrikets fall, då det frå om lag 400 e. Kr.f. kom mykje gull nordover til dei germanske landa. Dette vart  ofte smelta om til bruk i deira handel og med deira biletmotiv og mønster, slik det hende med gjenstandene i gullfunnet. Det består av 33 gjenstander av gull, derunder betalingsringar med verdi frå 1 til 3 ringar, ei rad gullperler og gullsmykker med inngraveringar av nordiske mønster frå den tida. 

Den samla vekt på gullgjenstandane var på ca ein kvart kilo, og det vart utbetalt 110 Spesidaler 83 skilling sølv i finnarløn for funnet.
Gullsamlinga frå Bygland ligg i Magasinet i Kulturhistorisk Museum i Oslo, og har aldri nokon gong vore vist utanfor museet. 

Utstilling og kulturminnekonferanse i Bygland, september 2022

Tekst frå Setesdølen, etter avtale.

Eit femtitals menneske møtte opp då utstillinga av gullfunnet vart opna på Bygland. – Dette er ein stor dag. Gullfunnet blir delt med oss i Bygland, sa Torgeir Moseid. Inne i bankhvelvet er 34 gullgjenstander frå 400 e.Kr. nå utstilte for publikum.

Bygland kommune tok i fjor haust kontakt med Kulturhistorisk Museum for å undersøke om det ville vere muleg å få gullfunnet til utlån på utstilling i Bygland. Kulturhistorisk Museum gav då uttrykk for at dei gjerne ville vere med på å gjere kulturhistoria i Setesdal og Bygland meir kjend.

– Eit slikt samarbeid skaper engasjement og interesse. Funnet blir kjent for eit breiare publikum, sa assisterande direktør ved Kulturhistorisk Museum, Karl Kallhovd før han stod for den offisielle opninga av utstillinga.

Kallhovd peika også på korleis det at dei to gjetargutane som fann gullet var årvakne gjer at me i dag har ein slik verdifull arv frå fortida.

– Dei gøymte ikkje gullet unna eller smelta det om som dessverre har skjedd med mange andre funn. Dei varsla om kva det var dei hadde funne, og takka vere deira handlingar har me i dag gullfunnet frå Bygland, sa Kallhovd.

Kulturminnevern viktig i vår tid

Ordføraren i Bygland, Sigbjørn Åge Fossdal uttrykte kor positivt det er at gullfunnet nå blir lånt ut til Bygland.

– Vi er svært takksame for at Kulturhistorisk Museum har lånt ut denne eineståande samlinga til Bygland kommune, sa ordførar Fossdal i opningstalen sin.

Han understrekte også korleis Bygland nå har utvikla ein utstillingsstad som kan gjere  langsiktig samarbeid om formidling av viktige kulturminne muleg.

– Kulturminnevern har stått fram som stadig viktigare, og har fått ei særleg betydning i den urolige tid vi no har i Europa. Det syner seg at folk vert mykje meir opptatt av det verde som kunnskap om vår eigen historie har for vårt sjølvstende og vår identitet, sa Fossdal.

Sigurd Brokke stod for den musikalske ramma rundt opninga og framførte ein munnharpeslått etter Nere Nese, ein storspelemann frå Bygland.

Blant publikum var Keith McBean, Irlands ambassadør til Noreg, Alma Kaurate, presidenten i Hovudkomiteen for Dei Europeiske Kulturminnedagane, 1. visepresident i Stortinget, Svein Harberg, fylkesvaraordførar Bjørn A. Ropstad, og ein stor andel bygdefolk og andre interesserte.

Fekk sjå gullfunnet på nært hald

Då programmet utanfor den gamle banken på Bygland var over, delte Torgeir Moseid dei mange oppmøtte i mindre grupper som fekk kome inn og sjå på funnet.

Inne i bankbygget var det i tillegg også laga til andre interessante utstillingar, og spesiallaga smykke frå Hasla.

Arkeolog Ingvild Solberg Andreassen frå Kulturhistorisk Museum fortalte dei besøkande om historia bak funnet frå 1833, og publikum stilte spørsmål om både opphav og korleis gullet kan ha blitt brukt.

Funnet var gjort av nokre gjetargutar som var ute med buskapen nordover frå garden og beitemarka som seinare vart sett under vatn då fjorden vart neddemt ved århundreskiftet. I strandkanten på Gullsand ved Stemsbekk fann dei ein lærpose i sanden. I den låg ei stor samling gullgjenstander som stammar frå ei tid etter Romerrikets fall, då det frå om lag 400 e. Kr.f. kom mykje gull nordover til dei germanske landa.

Etter at gullet vart funne i 1833 har det seinare vore hos Kulturhistorisk Museum, før det nå er lånt ut til Bygland for ein periode.

Utstillinga av gullfunnet skal vere open for publikum heile september.

Program og oversikt over deltakarar

Program og oversikt over deltakarar finn du under "Vedlegg" lenger nede på sida.