Førstehjelp - nokre innleiande språktips

Bøying av inkjekjønnsord

Inkjekjønnsord har same form i ubestemt eintal og ubestemt fleirtal. Det betyr at desse orda ikkje skal ha fleirtalsending:

  • eitt møte – fleire møte
  • eitt område – fleire område

Det skal ikkje alltid vere -ar

Sjølv om vi skriv nynorsk, endar ikkje alle verb på -ar i presens. Viss du er i tvil om det skal vere -er eller -ar i presens av verbet, kan denne hugseregelen hjelpe eit stykke på veg: Berre ord som kan ha -a i fortid (i går kasta, endra, opna), skal ha -ar i presens (kastar, endrar, opnar). Men du skriv sender, bestemmer, søv osv., fordi desse verba ikkje kan -a i fortid.

Vi nyttar normalt ikkje den når vi viser til substantiv på nynorsk

  1. Vi nyttar heller han for alle hankjønnsord og ho eller henne for alle hokjønnsord. Døme:
  • Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfte ho grundig.
  • Planen er til liten nytte, om vi ikkje følgjer han opp.

Føl er ein hest

Presens av verbet å følgje heiter følgjer og ikkje føl på nynorsk. Føl er ein hest.

De eller dykk

Det personlege pronomenet de har ei subjektsform (de) og ei objektsform (dykk). Vi nyttar de når ordet er subjekt i setninga, og dykk når det er objekt:

  • Kan de sjå nærare på dette?
  • Vi vil orientere dykk om dette i møtet.
  • Du må hugse å melde deg på før fristen går ut.
  • De må hugse å melde dykk på før fristen går ut.
Ikkje skriv Skriv
Kan dykk vurdere dette? Kan de vurdere dette?
Dykk er velkomne til møtet måndag. De er velkomne til møtet måndag
Vi vil i møtet informere de om kva konsekvensar dette får Vi vil i møtet informere dykk om kva konsekvensar dette får
Meld frå dersom dette ikkje passar for de Meld frå dersom dette ikkje passar for dykk

 

På nynorsk bøyer vi både adjektiv og partisipp i tal i samsvar med substantivet dei står til:

  • Han blei fotografert - alle blei fotograferte.
  • Saka blei vedteken - sakene blei vedtekne.

Ord med valfri j

I nynorsk er det fleire ord som kan skrivast med eller utan j. Vi skal unngå å bruke j-forma.

Døme på ord med valfri j:

  • tenke (tenkje)
  • bygge (byggje)
  • søke (søkje)
  • stenge (stengje)
  • tilsette (tilsetje)

Merk deg bøying av desse verba

å vere – er – var – har vore
å bli – blir/vert – blei/vart – har blitt/vorte
å skrive – skriv – skreiv – har skrive
å drive – driv – dreiv – har drive
å hjelpe – hjelper – hjelpte – har hjelpt

 

Kommunen si målform

I nynorsknormalen frå 2012 er det stor valfridom. Det viktigaste er at du er konsekvent når du skriv, slik at du ikkje vaklar mellom ulike former. Vi brukar til dømes vi i staden for me og e-infinitiv i staden for a-infinitiv.

P 8BNALZ 4qxxrE 4AAAAASUVORK 5CYII=

Stor eller liten bokstav?

Reglane for når vi skal bruke stor og liten forbokstav er innfløkte, men på norsk skal vi som oftast bruke liten forbokstav.

Namn med to eller fleire ledd har berre stor bokstav i første ledd, til dømes:

  • Byglandsfjord oppvekstsenter
  • Ose grendehus

Politiske utval, komitear og nemnder skal skrivast med liten forbokstav:

  • kommunestyret
  • formannskapet
  • leiarmøtet
  • fellesnemnda
  • styringsgruppa
  • ungdomsrådet
  • viltnemnda

Titlar

Titlar skal ha liten forbokstav. Dette gjeld òg når tittelen står under namnet på visittkort og som avsendar i brev.

  • kommunedirektør
  • kommunalsjef
  • einingsleiar
  • konsulent

Bygningar

Namnet på bygningar skriv vi med stor forbokstav når den konkrete bygningen vert omtalt som særnamn, til dømes Kommunehuset (men: Bygland har eit kommunehus). I samanstilling med Bygland vert bygningsnamnet skrive med liten forbokstav. Til dømes Bygland kommunehus.

Lover og forskrifter

Det skal vere liten forbokstav i namn på lover, unnateke Grunnlova.

  • plan- og bygningslova
  • vegtrafikklova
  • barnehagelova
  • forskrift om bålbrenning

Stor forbokstav i namn på organ og institusjonar

Vi skriv til dømes Kongen, Regjeringa, Stortinget, Fylkesmannen, Kyrkja, Hæren, Høgsterett med stor forbokstav når dei blir brukte som institusjonar.

Vi skriv staten, statsministeren, departementet, kommunen, politiet og kommunedirektøren med liten forbokstav.

  • Er det snakk om eit konkret embete, skriv vi Fylkesmannen med stor F: Eg fekk eit brev frå Fylkesmannen i Agder. Vedtaket frå Fylkesmannen er ….
  • Er det snakk om personen, skriv vi fylkesmannen med liten f: I går drakk eg kaffi med fylkesmannen i Agder.
  • Er det snakk om forvaltingsorganet generelt, og ikkje eit konkret embete, skriv vi fylkesmannen med liten f: Det er fylkesmannen/fylkesmennene som har ansvar for dette.

Datoar, klokkeslett og telefonnummer

Den norske skrivemåten for datoar har rekkefølga dag-månad-år. Klokkeslett skriv vi med punktum mellom timar og minutt. Når det gjeld telefonnummer, følger vi Post- og teletilsynet sine offisielle skrivereglar for telefonnummer.

Datoar

  • 04.03.2018 (brev og dokument)
  • 4. mars 2018 (i løpande tekst)

Klokkeslett

  • 07.00
  • 14.30

Bruk tankestrek (–) mellom tidspunkt, ikkje bindestrek (-). Då skal det ikkje vere mellomrom før og etter tankestreken:

  • Kl. 09.30–10.30

Dersom du skriv frå eit tidspunkt må du også ha med til eit tidspunkt:

  • Frå kl. 09.30 til kl. 10.30

Telefonnummer

  • 900 10 500 (mobil)
  • 57 72 20 00 (fasttelefon og faks)
  • 05800 (femsifra telefonnummer)

Bokstav eller siffer

Ein god tommelfingerregel er at vi skriv tala med bokstavar opp til og med tolv i vanleg tekst. Du kan skrive tal under tolv med siffer når du vil vere særleg tydeleg, til dømes ved prosent. I tekstar med mykje tal, der tala er hovudsaka, bør vi vanlegvis skrive alle tala med siffer. Innanfor same setning eller avsnitt bør vi vere konsekvente og velje enten siffer eller bokstavar.

Døme: Dei var 4, 8 og 32 år gamle.

  • Skriv kroner fullt ut etter beløpet, ikkje kr.
  • Bruk mellomrom ved tusen – 500 000 (ikkje punktum).
  • Ved store beløp, skriv 1,2 mill. kroner (bruk ein desimal og punktum etter mill.).
  • Ikkje bruk komma og bindestrek 100,- til slutt i beløpet (for øre).

Store tal

Store tal ordnar vi i grupper på tre og tre siffer. Det skal ikkje vere punktum.

  • 22 000 innbyggarar
  • 6 500 100 kroner
  • 4 345 personar. Du kan òg skrive det slik 4345

Forkortingar

Vi bør bruke færrast mogleg forkortingar i løpande tekst, det gir dårleg flyt i teksten.

Fagspesifikke og interne forkortingar må du forklare første gong du brukar dei. Set forkortinga i parentes.

Dei fleste forkortingar skal ha punktum til slutt.

  • bl.a. = blant anna, blant andre (jf. m.a.)
  • bnr. = bruksnummer (jf. gnr.)
  • ca. = cirka
  • dvs. = det vil seie
  • f.o.m. = frå og med
  • t.o.m. = til og med
  • jf. = jamfør
  • pga. = på grunn av
  • ev. = eventuelt
  • o.l. = og liknande
  • tlf. = telefon
  • et. = etasje
  • t.d. = til dømes

Hugs at forkortingar for mål, vekt og myntmengde ikkje skal ha punktum til slutt:

  • m = meter
  • g = gram
  • kr = kroner
  • km = kilometer
  • daa = dekar (1000 m2)

Forkortingar som er i vanleg bruk og uttalt som dei står, skal aldri ha punktum: pc, IKT/ikt, USA, FN, EU.

Andre teikn

Prosentteikn %

I løpande tekst skriv vi helst prosent med bokstavar. Det kan likevel vere tenleg å bruke teiknet i ein del tekstar, til dømes planforslag og arbeidsavtalar. Ofte er lesaren på jakt etter nettopp dette teiknet for å finne viktige opplysningar som utnyttingsgrad og stillingsprosent. Hugs at det skal vere mellomrom mellom talet og prosentteiknet, 100 %.

Skråstrek

Skråstrek brukar vi mindre enn før. Skråstrek gir opp alternativ, det tyder ikkje og, men tydinga kan ofte bli uklar for lesaren. Skriv heller «eller» eller «og» dersom det er det du meiner i samanhengande tekst.

Den viktigaste funksjonen skråstreken har, er å vise alternativ. Skråstreken betyr altså «eller».

Skråstrek mellom enkeltord:

  • ja/nei
  • lunsj/middag
  • buss/bil/båt
  • han/ho

Når minst eitt av alternativa består av to eller fleire ord, skal det vere mellomrom før og etter skråstreken:

  • kjem / kjem ikkje
  • heime / på arbeid
  • mørk dress / smoking

Kolon

Kolon vert brukt for å peike på det som kjem etter. Om det som kjem etter kolon, er eit særnamn eller ein fullstendig setning, skal det vere stor forbokstav elles ikkje.

  • Bruk desse fargane: blått, gult og raudt
  • Saka er klar: Vegen blir for dyr

Bindestrek og tankestrek

Bindestrek og tankestrek er to ulike teikn og blir brukte på ulike måtar. Bindestreken er kort (-), og tankestreken er lang (–). For å få fram tankestreken på tastaturet held du Ctrl-tasten inne medan du trykker på minusteiknet.

Bindestrek bind saman til eitt ord eller teiknet står i staden for eit utelatt ord.

  • e-post
  • tur-retur
  • pc-en
  • Vest-Noreg
  • Natur- og friluftsområde

Tankestreken brukar vi mellom anna i desse tilfella:­

­Ved tidsrom og mellom andre ytterpunkt i tid og rom (det skal ikkje vere mellomrom på kvar side av tankestreken). Døme: kl. 10.30–12.00 måndag–fredag. Kommuneplan 2017–2020.

  • Ved innskot og tillegg i teksten (med mellomrom på kvar side av tankstreken). Døme: Dette er – trass motargumenta over – den beste løysinga.
  • Framfor replikkar eller sitat i teksten.

Kommareglar

Komma skal gjere teksten lettare å lese, ikkje vanskelegare å skrive. Vi skal ikkje gå gjennom alle kommareglane her, men peike på eit par stader der vi ofte ser at komma manglar. Ofte set vi for få komma.

Her er dei viktigaste kommereglane:

  • Etter setningar som tek til med når, då, etter at, dersom, viss, fordi, sidan og liknande skal det som regel vere komma:

Når saka er behandla her, går ho til formannskapet.
Dersom framlegget blir vedteke, går ordføraren av.

  • Du skal ha komma føre og minst komma etter ledd eller setningar som er unødvendige, som altså kan takast bort utan at meininga forsvinn.

Sakspapira, i alt 70 sider, kom for seint.
Sakspapira, som var på heile 70 sider, kom for seint.
Sakspapira kom for seint, uheldigvis.

  • Alltid komma framfor men
  • Komma i tilvisingar: Tilrådinga, kap. 3, s. 14–15.

NB! Det er vanleg å sløyfe komma i tilvising til lover og føresegner:

  • Offentleglova § 4 femte ledd bokstav b.

Punktlister

Punklister er ein god måte å få fram viktig informasjon på. Her er dei viktigaste reglane for punklister:

  • La kvart punkt i punktoppstillinga vere eit direkte framhald av setninga som innleier punktoppstillinga.
  • Bruk liten forbokstav i punkta når dei er ein del av innleiingsteksten, og bruk heller ikkje punktum til slutt.
  • Når punkta er fullstendige setningar, skal det vere stor forbokstav og punktum til slutt.
  • Det skal berre vere kolon etter innleiingsorda om du ville ha brukt kolon der i vanleg samanhengande tekst.
  • Punkta i ei punktliste skal ha same språkleg form.

Døme på punkliste med enkeltord

Til skuleturen må du hugse å ta med

  • regnkle
  • mat
  • sitteunderlag

Døme på punktliste med heile setningar

Korleis søker du?

  • Du søker ved å fylle ut og sende inn søknadsskjema om helse- og omsorgstenester.
  • Du kan ringe 57 72 20 00, så hjelper vi deg å søke.
  • Du kan stikke innom servicetorget på rådhuset, så hjelper vi deg å søke.