Idretts- og nærmiljøanlegg

Ein kan søke om tilskot til:

  • Nye idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg

Målgruppe

Søkjarar om tilskot av spelemidlane sitt overskot til idrettsanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.

Søkjarar om tilskot av spelemidlar til nærmiljøanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, andelslag eller andre samanslutningar

Vilkår

Nye ordinære anlegg må vere med i gjeldande kommuneplan for kultur, inkl. idrett og friluftsliv . Ein kan søke om inntil 1/3 av bruttokostnad. Det må føreligge tinglyst skjøte eller leigeavtale på minimum  år. Kravet gjeld både ved nybygg og rehabilitering.

Nærmiljøanlegg er enkle anlegg for fysisk aktivitet, trim og idrettsleik eksemplevis skileikanlegg, tursti/turløype lenger enn  500m., ballbinge og liknande. Ein gjev ikkje spelemidlar til reine leikeplassar og leikeutstyr.

Til nærmiljøanlegg kan ein søkje om inntil 1/3 av bruttokostnad. Kostnadsramma må vere mellom 50.000 og 600.000. Det må føreligge tinglyst skjøte eller leigeavtale på minimum 20 år.

Der er og andre vilkår, avhengig av kva type anlegg ein søkjer om støtte til. Gjeldande bestemmelsar finn du HER

Søknadsprosedyre

Frå og med 15. juni 2019 er ordninga med førehandsgodkjenning avvikla. Merk at dette IKKJE har tilbakeverkande kraft. Det vil seie at anlegg med byggestart før 15. juni 2019 må ha fått førehandsgodkjenning for å kvalifisere til tilskot.

Krava for å få tilskot er som før. Alle søkjarar er ansvarlege for at krava er oppfylte når søknaden blir sendt inn før søknadsfristen, som er 1. oktober. Søknadane vil bli kontrollert av kommune før dei blir sendt vidare til fylkeskommunen, men det er fylkeskommunen som gjennom si sluttbehandling avgjer om søknaden oppfyller vilkåra.

Følgjande MÅ vere med i søknaden om spelemidlar:

  • Behovsvurdering - kvifor er anlegget naudsynt?
  • Kostnadsoverslag
  • Finansieringsplan
  • Driftsplan for ferdig anlegg
  • Utgreiing for evt. dugnadsinnsats
  • Kart over området
  • Teikningar av anlegget
  • Utgreiing for universell utforming
  • Utskrift av grunnbok (om eigen eigedom) eller tinglyst disposisjonsavtale for eigedommen

Slik søkjer du:

Alle søknadar skal sendast inn elektronisk på http://www.idrettsanlegg.no

Når søknaden er innsendt kontrollerer kommunen at alt er i orden og sender søknadane vidare til Arendal idrettsråd, som uttalar seg om prioriteringa