Foreldre og føresette må sende ei skriftleg melding til skulen om kva for  aktivitetar de ynskjer at barnet skal ha fritak frå. Elevar over 15 år kan sjølv gi skriftleg beskjed til skulen utan samtykke frå foreldre og føresette.

Fritaket gjeld ikkje kunnskapsinnhaldet i faga. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning, men med same kunnskapsinnhald, innafor læreplanen.

Fritaksretten gjeld i alle fag.