Arbeidsprosess 2013-14-15

Fyrste framlegg til Strandsoneplan vart utlagd til offentleg ettersyn våren 2013.  Ved den etterfylgjande sakshandsaminga vart omsyn til flaum- og skredfare sett i sterkare fokus, og plandokumenta vart reviderte med kartfesting av fare- og omsynssoner.  Revidert forslag til Strandsoneplan vart lagt ut til offentleg ettersyn våren 2014. Vurdering av flaumhøgder i Otravassdraget vart gjennomført via ein fagleg dialog med NVE og utgreiingar ved konsulentfirmaet Norconsult utover hausten og vinteren 2014 - 2015. Plan, miljø- og ressursutvalet har vore styringsgruppe for planprosessen.

Tiltak i strandsona

Det skal vere mogeleg å ta i bruk dei vakre områda ved Byglandsfjorden til utvikling og utbygging i ein berekraftig balanse med naturomsyn og naturvern. 

Strandsoneplanen opnar for ei rekke brygger og båtplassar ved Otravassdraget, samt nye område som vert lagt ut til byggeområde for bustadhus m.m. I planen følgjer retningsliner for kva som kan godkjennast av konstruksjonar, anlegg og bygningar.
Inntil og i nærleiken av vassdraget er det frå før gjort inngrep og tiltak i sona med byggegrenser; jf. kommuneplanen og etablerte reguleringsplanar.  Nokre tiltak er av gamal årgang og etablert før det var regulering via lovverk.  Andre tiltak er klarerte i tidlegare tider under mindre restriktivt lovverk, medan det også finst enkelte tiltak og byggverk som er utført utan naudsynt godkjenning.
I framtida skal alle bygg og tiltak i strandsona følgjast opp i eigne saker; jf. den stadfesta Strandsoneplanen.
Strandsoneplanen peikar dessutan på mogelege fellestiltak;  -felles bryggeanlegg for dei fastbuande og hytteområda kan gjerne kombinerast med offentlege friområde, badeplassar og fiskeplassar.  Via Strandsoneplanen er det arbeidd med eit langsiktig perspektiv, der det vert lagt til rette for allmenta i eit best mogeleg samspel med grunneigarane og dei fastbuande. 

Spreidd busetting

Kommunen har fokus på folketalsutviklinga, og i arbeidet med å vurdere nye utviklings- og utbyggingsområde står det heilt sentralt å legge til rette for auka bustadbygging i kommunen. 
Det er klare føringar i tidlegare og noverande kommuneplan for å stimulere til spreidd busetting i dei gamle eksisterande grendelaga, jf. vedtekne retningsliner.
Intensjonen med å utarbeide Strandsoneplanen er at kommunen får etablere ein reiskap for å styre definerte byggetiltak direkte gjennom arealdelen til kommunedelplanen. 
Innafor etablerte bygdelag er det eit naturleg og praktisk behov for å ta vare på og utvikle den eksisterande bygningsmassen.  Eigarane av desse eigedomane vil ha nytte av føreseieleg og rask sakshandsaming.
Jf. gjeldande kommuneplan er utbygging styrt til regulerte område.  Når det gjeld byggetiltak innafor LNFsone/eksisterande bygdelag har det etablert seg ein praksis med dispensasjonar via høyringar og kommunikasjon med regionalt nivå.  Strandsoneplanen tek tak i desse problemstillingane og opnar for lokal avgjerd av saker så langt som råd; jf. vedtekter og retningsliner.

Regulering i vassdraget - fisk og krypsivproblematikk

Høgaste regulerte vasstand (HRV) for Byglandfjorden er kote 203,0 m.o.h. (meter over havet).  Lågaste regulerte vasstand (LRV) er 198,0 m.o.h.  Lågaste regulerte sommarvasstand er 202,0 m.o.h. (etter vårflaumen - til 1. september).  Det er mange naturlege sandstrender langs vassdraget som vert nytta til bading og friluftsliv.  Sommarvasstanden i Byglandsfjorden bør av den grunn ikkje vere for høg, slik at strendene kjem under vatn.  Manøvreringsreglementet gjev høve til at sommarvasstanden kan pendle 1,0 meter mellom kote 202,0–203,0.  Av omsyn til strendene og det generelle estetiske landskapsinntrykket bør sommarvasstanden haldast på den lågaste halvmeteren; dvs. mellom kote 202,0-202,5.
På denne bakgrunnen tilrår Bygland kommune at regulanten Otteraaens Brugseierforening (OB) lyt halde sommarvasstanden i Byglandsfjorden på kote 202,3 så sant det let seg gjere utifrå nedbør/avrenning og vassføring i Otravassdraget.  I gytetida for bleka har lågaste vasstand dei seinare år vore fastsett til kote 200,5 i perioden mellom 20. november-20. desember.  Mykje nedbør og haustflaumar vil kunne føre til at dette ikkje er mogeleg å etterkome.  Men den vasstanden som vert registrert i denne perioden (kvart enkelt år), skal ikkje underskridast i tida fram mot klekking av blekerogn (mai/juni) for å unngå at rogna skal bli turrlagd.  Etter råd frå Blekeprosjektet (UiB) er det gjort forsøk med vasstand på kote 201,5 i gytetida.  Ein vil med dette finne ut om fleire gyteområde på grunnare vatn kjem i bruk.  NVE har gjeve løyve til dette, og forsøket vart evaluert i 2013.  Etter ny kunnskap er gytetida no definert som heile desember månad.

Krypsiv og Krypsivtiltak

Otravassdraget er eit av vassdraga på Sørlandet som er tildels sterkt attgrodd av vassplanten krypsiv (Juncos bulbosus).  Eit forskings- og tiltaksprosjekt for å nedkjempe problemet vart sett i gang i 2002; Krypsivprosjektet på Sørlandet. I samband med konsesjonsrevisjon, vart Krypsivfondet i Otra oppretta for å finansiere tiltak.  Det er mest problem med krypsiv i rennande vatn.  I Otra frå kommunegrensa mot Valle ved Åraksøyne og ned til Ose er det store førekomstar av krypsiv.  Etter reguleringa av elva er det mindre isgang enn før i tida, og dette har ført til betre veksetilhøve for sivet - som kan gro i hop i svære matter.
Idèen om å simulere isgang, innfrysing ved stans i kraftverket, vart utprøvd alt i 1991.
Tiltaket vart teke opp att i 2011 med godt resultat (15-20 % reduksjon av dekningsgrad).
Utfordringa med dette er å få samla opp det drivande krypsivet i etterkant.  Fjerning av krypsiv med maskin vart innleia i 2007 etter mange års forsøk på prøveflater.  Det har vore brukt klippemaskin montert på amfibiefartøy og roterande horv for også å fjerne røtene av sivet.  Med maskin kan ein rydde dei verste stadane ved busetnad, t.d. båtplassar og badeplassar, men det er ein kostbar metode.  Tiltaka med innfrysing viser at isen ikkje tek likt alle stader, difor kan det supplerast med maskin.  Strekninga frå Sordal til Ose har til no vore prioritert ved maskinrydding.  Den mest kostnadseffektive metoden er innfrysing.
Vassdragsstyret for Øvre Otra arbeider med tiltak og rapportering når det gjeld krypsiv.
Tiltaka har som mål at vassdraget skal vere mest mogeleg attraktivt for fiske, bading og båtferdsle.  Krypsivproblematikken vert handtert via Vassdragsstyret sitt arbeid v.fiskebiolog, og blir elles ikkje nærare utgreidd gjennom Strandsoneplanen.