Planstrategien er eit verktøy for kommunen til kunnskapsbasert prioritering av planoppgåver. Planstrategien er ikkje ein arena for å vedta mål og strategiar, men for å drøfte utviklingstrekk og planbehov, også kva som best kan bi løyst ved interkommunalt samarbeid.

Planstrategien skal klargjere kva for planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å legge til rette for ei ønskt utvikling i kommunen. I vurderingsarbeidet er det viktig for kommunen at planlegginga skal bygge på ressursmessige føresetnader for gjennomføring, og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Planstrategi for Bygland kommune 2020-2024

Kommunestyret vedtok kommunal planstrategi 2020-2024 den 21. desember 2020.