Politikarane har vald ut kva for område som er prioritert i samfunnsdelen:

  • Attraktive og livskraftige sentra og bygdelag
  • Verdiskaping og berekraft
  • Utdanning og kompetanse
  • Kultur, idrett og friluftsliv
  • Transport, kommunikasjon og samfunnstryggleik

Medverknaden har konsentrert seg inn mot desse satsingsområda. Medverknad er eit viktig verktøy for å legge til rette for ønskt samfunnsutvikling. Gjennom medverknadsprosessen ønskte vi å få inn kunnskap så vel som innspel om behov og manglar, samtidig som vi ønskte å få ei brei forankring av kommuneplanen sin samfunnsdel. Den inneheld kommunen sine mål og strategiar for den framtidige utviklinga.

Nedanfor finn du ei oversikt over medverknadsprosessen og innspela vi har fått: 

Barnetråkk - Byglandsfjord
Barnetråkk - Byglandsfjord

Barnetråkk

Barnetråkk er ein metode for medverknad og betre planlegging for barn og unge . Her registrerer barn og unge sjølv sine skule- og fritidsvegar og område for opphald.

Barnetråkk gir kommunen oppdatert lokalkunnskap om barn og unge sin arealbruk på ein direkte måte. Registreringane blir til eit temakart som passar inn i det øvrige plangrunnlaget til kommunen. Å ta i bruk kartgrunnlaget med barn og unge sin preferansar i nærmiljøet gir grunnlag for gode politiske avgjersler og betre planlegging.

Elevane i 5-9.klasse gjennomførte Barnetråkk-registreringa i løpet av mars 2019.

Barnetråkk - oppsummering

Oversiktskart

 

Ungdom og unge vaksne

Vi inviterte ungdom og unge vaksne til å vere Gjestebod-vertar. Gjestebod er eit uformelt diskusjonsmøte arrangert av innbyggjarane sjølve. Metoden gir innspel fra engasjerte personar som vanligvis kanskje ikkje stiller på folkemøte.

Det vart gjennomført to møte og vi fekk gode innspel til planarbeidet. Tusen takk til dei to som tok utfordringa og takk til alle som deltok på møta!

Informasjon gjestebod

Gjestebod ungdom og unge vaksne - samanstilling

Seniordialog

Vi inviterte godt vaksne til å diskutere kva som er det gode lokalsamfunnet for godt vaksne i Bygland kommune.

Det vart gjennomført tre møte i samarbeid med Frivilligsentralen. Vi nytta dei etablerte møteplassane Seniortrimmen i Byglandshallen, Seniorkafeen på Frivilligsentralen og Seniortreffen på Pakkhuset. I tillegg tok private initiativ til ei eiga samling i Åraksbø. Det var også nokre som svara på spørsmåla på eiga hand. Takk til Margit som ‘intervjua’ beburarane på Byglandsheimen.

Vi fekk mange gode innspel til planarbeidet. Tusen takk til alle som tok utfordringa, og takk for god hjelp frå Frivilligsentralen!

Informasjon Bygland

Spørjeskjema Bygland

Dialogverkstad senior - samanstilling

Bilete 1
Kafedialog

Næringsdrivande

Vi inviterte næringsdrivande til Kafedialog på Bygland og Byglandsfjord. Kafedialog  er ei metode med form som eit uformelt møte, der hensikta er å oppleve gode samtalar som inspirerer til nye idear. Deltakarane blir fordelt i grupper som diskuterer og kjem med innspel til ulike tema.

Eit av tre gjennomgåande perspektiv i kommuneplanen sin samfunnsdel er næringsutvikling og samarbeid om nye arbeidsplassar. Dette var utgangspunkt for tematikken i samtalane.

Det var totalt 29 stk som deltok. Vi fekk mange gode innspel til planarbeidet. Tusen takk til alle som tok utfordringa, og takk for godt samarbeid med Setesdal Vekst.

Innspel frå næringsdrivande - tema

Innspel næringsutvikling og samarbeid om nye arbeidsplassar - samanstilling

Bilete frå kafedialog Byglandsfjord
Bilete frå kafedialog Byglandsfjord

Kafédialog (innbyggarar og tilsette)

Innbyggarane

Vi inviterte innbyggarane til Kafedialog desse stadane:

  • Byglandsfjord
  • Grendi
  • Bygland
  • Ose

 

Kafedialog  er ei metode med form som eit uformelt møte, der hensikta er å oppleve gode samtalar som inspirerer til nye idear. Deltakarane blir fordelt i grupper som diskuterer og kjem med innspel til ulike tema.

Kommuneplanen sin samfunnsdel har fem satsingsområde

  • Attraktive og livskraftige sentra og bygdelag
  • Verdiskaping og berekraft
  • Utdanning og kompetanse
  • Kultur, idrett og friluftsliv
  • Transport, kommunikasjon og samfunnstryggleik

Desse var utgangspunkt for tematikken i samtalane.

Det var totalt 48 personar som deltok. Vi fekk mange gode innspel til planarbeidet. Tusen takk til alle som tok utfordringa!

Einigane

Dei tilsette fekk same utfordringa og vart bedt om å kome med innspel med utgangspunkt i sine arbeidsoppgåver. Drift og forvaltning, Økonomi og næring, Helse og Bygland oppvekstsenter gjekk gjennom tematikken og kom med gode innspel til planarbeidet.

Leiargruppa + folkehelsekoordinator

Desse var prosjektgruppe for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dei gjennomførte fleire strategisamlingar der planarbeidet hadde fokus. På den eine samlinga vart det gjennomført kafedialog med fokus på satsingsområda.

Tematikk - bakgrunnsinfo

KPS - Attraktive og livskraftige sentra og bygdelag - samanstilling

KPS - Kultur, idrett og friluftsliv - samanstilling

KPS - Transport, kommunikasjon og samfunnstryggleik - samanstilling

KPS - Utdanning og kompetanse - samanstilling

KPS - Verdiskaping og berekraft

Innbyggarundersøking

Hausten 2019 inviterte vi  innbyggarane til å dele erfaringar og synspunkt med omsyn til tenestene som kommunen tilbyr, kommunen som bustad og om lokaldemokratiet.

Resultatet frå innbyggarundersøkinga vil bli nytta i vårt pågåande forbetringsarbeid og vere eit av fleire innspel til arbeidet med å revidere kommuneplanen.

Innbyggjarundersøkinga som kommunen brukte, er utarbeida av KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon), og blir nytta av mange kommunar i Noreg.

Målgruppa var alle innbyggjarar i kommunen frå 18 år og oppover. 73 personar svarte på undersøkinga.

Samandrag av undersøkinga

  • Vi ligg nærme snittet i Noreg innanfor fleire av kategoriane.
  • Av tenesteytingane er det pleie og omsorgstenesta, legetenesta og bibliotektenesta innbyggjarane er mest nøgd med. Dei resterande teneste ligg omtrent på landssnittet. Ingen av tenesteytingane kjem dårlegare ut enn snittet.
  • Dei som ikkje hadde nytta ei eller fleire av tenestene, fekk spørsmål om kva inntrykk dei hadde av tenestene. Deira tilbakemeldingar gav eit dårlegare snitt enn tilbakemeldingane frå dei som har nytta tenestene. Spesielt med omsyn til legevaktordninga, så er det markant skilnad (3,4 mot 4,8).
  • Levekår som går på trivsel og tryggleik, er innbyggjarande godt nøgd med.
  • Innbyggjarane er ikkje så nøgd med moglegheitene for å få arbeid nærme heime og moglegheitene for å etablere næring i kommunen. Kollektivtilbodet i kommunen er dei heller ikkje nøgd med. 
  • Innan servicenæringar som kafear, bank, butikkar, saknar dei eit større tilbod.
  • Innbyggjarane har tillit til at politikarane arbeider for innbyggjarane sitt beste, men dei trur ikkje at kommunen har eit godt omdømme utanfor kommunegrensa.

Undersøkinga opna for å kome med tilbakemelding på kva kommunen har lykkast med og ikkje har lykkast med dei siste to åra og konkrete forslag til forbetringar. Desse tilbakemeldingane vil vi nytte i arbeidet med forbetring av tenestene.