• Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehage, også ved negativ koronatest. Dette kan minske smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdomar, er ein mest smittsam i starten
  • Dei som har små barn under 2 år, bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom - det er eit godt råd også når det ikkje er virussesong
  • I familiar med nyfødde og spedbarn, bør besøk avgrensast. Om familien har behov for støtte, omsorg og avlasting, bør dette likevel bli ivareteke
  • Storesøsken må vaske hender når dei kjem heim frå barnehagen før dei helser på spedbarn i familien
  • Dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passe på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vere vanskeleg i praksis. Dette er særleg viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon når ein er mest smittsam

Barn skal haldast heime frå barnehagen til symptoma er mildare, formen er fin og barnet har vore feberfri i minst 24 timar.

Kontakt lege om du er uroa og barnet har anstrengt eller tung pust, feber og er slapp

Mange ulike virus kan gi liknande symptom, så det viktigaste er å kontakte lege når ein er uroa.