Redusert opningstid i barnehagane

For å sikre ei trygg og forsvarleg drift i høve smittevern, må barnehagane framleis ha redusert opningstid. Den reviderte utgåva av smittevernrettleiar for barnehage legg til rette for meir samarbeid mellom kohortane, og kommunen kan derfor auke opningstida noko. Frå 18.5 blir opningstida i barnehagane frå 7.30 – 15.

Foreldrebetaling når barnehagen har redusert opningstid

Foreldre skal ikkje betale for perioden som barnehagen var stengt (13.3-22.4) Det vil ikkje bli fakturert for april. Kommunen vil redusere foreldrebetalinga med 20 % så lenge vi har redusert opningstid. Faktura vert sendt ut i løpet av mai