Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Aasmund Lauvdal, Åsulv Horverak, Kåre Einar S. Larsen, Irene Moe, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

Status pr. 06.11.20, kl.08:00

Kommunedirektør:
Vedk. heimesituasjonen til eldre: Det er sett i gong besøksteneste. Andre aktivitetar er borte.
Vi set ned ei gruppe som kan sjå på situasjonen til sårbare menneske, og kome med tiltak i høve dette.

Kommuneoverlegen
Sterk smitteauke i Noreg. Åsulv går ut i media.

  • Kvar enkelt person må gjere ein innsats og ta ansvar!
  • Kommuneoverlegen er svært bekymra, det er ein alvorleg situasjon
  • Vi kan gjere mykje for å unngå å lukke ned samfunnet att
  • Der tykkjest vere fokus på kor langt retningslinene kan tøyast. Dette må ikkje vere fokus no!
  • Det er sterkt anbefalt å unngå innanlandsreiser
  • Følg dei nasjonale retningslinene
  • Det er mykje å vinne og mykje å tape. Dei tiltaka vi gjer no, kan gjere stor forskjell

 

  • Avstand
  • Reinhald
  • Er du sjuk, må du vere heime
  • Ikkje leit etter smutthol i retningslinene

 

Beredskap
Det er ønskjeleg å få konkrete tiltak for Bygland

Ordførar
Det er svært viktig at fokus ikkje er å finne smutthol i retningslinene.
Vi må tenke på korleis vi kan løyse denne situasjonen i høve sårbare menneske.

Kåre Einar Larsen
Den daglege drifta går greitt med dei tiltaka vi har
Vi har fokusert på å få til ekstra aktivitetar i samband med advent og jol, med fokus på smittevern

Irene Moe
Ungdomsskulen kan fort kome over i raudt nivå.

Anna
Det blir ikkje høve til utleige av kommunale bygg til arrangement der det er alkoholservering.
Alle reiser utafor kommunen må bli avgrensa så mykje som mogleg