Koronatelefonen blir i dag drifta av helsestasjonen på Evje måndagar til torsdagar, og frå Bygland kommune på fredagar. 

Ein opplever no at talet på henvendingar går betydeleg ned no som smittebiletet har endra seg, og ein har avgjort at tilbodet med koronatelefon blir avvikla.
Det vil vere ei kontinuerleg vurdering i høve smittesituasjonen, slik at om smittebiletet endrar seg, og talet på smitta aukar, vil ein vurdere å opne opp att for tilbodet.

Vi ønskjer å takke dei som har bemanna koronatelefonen! Dei har avlasta legekontora, samt at dei har gjeve eit godt tilbod til innbyggjarane.