Kommuneoverlegen i Bygland, Evje og Hornnes, Åsulv Horverak, ønskjer at alle som planlegg å reise heim tar følgjande forholdsreglar:

  1. Ha så få kontakter som mogleg i siste veka før du reiser heim på joleferie
     
  2. Pass på godt smittevern når du reiser
     
  3. Ha så få kontakter som mogleg dei første dagane etter at du har kome heim. Pass særleg på å ikkje utsette eldre menneske eller dei i risikogrupper for smitte
     
  4. Ha låg terskel for å teste deg om du får symptom eller trur du kan ha vore utsett for smitte
     
  5. Pass på avstand, handhygiene og kvarandre. Ver frisk om du skal i selskap!

Hugs på at situasjonen kan endre seg. Hald deg oppdatert på gjeldande retningsliner på http://www.helsenorge.no og http://www.fhi.no, eller på kommunen si heimeside for eventuelle lokale retningsliner: https://www.bygland.kommune.no/samleside-om-koronavirus.531442.nn.html

Det har dei siste vekene vore høgt smittetrykk mange stader i landet - blant anna i alle dei største studentbyane. Ver venleg å følg råda, og gjer det du kan for å unngå smitte. På den måten gjer du jola tryggar for deg sjølv og dei du møter.

Og, til slutt:

Hjarteleg velkomen heim!