Prosjekthuset AS, saman med Dagfin Skaar AS, har i oppdrag frå Bygland kommune utarbeidd eit mogelegheitsstudie for utnytting av stasjonsområdet på Byglandsfjord.

Formålet med prosjektet er å belyse moglegheiter og potensiale som ligg i bygningane og i området. Mogelegheitsstudiet skal få fram korleis ein best kan leggje til rette for aktivitet, samstundes som ein tek vare på det autentiske stasjonsmiljøet og dei fredag bygningane. Den beste forma for bevaring er å ta bygningane i bruk.

Stasjonsområdet ligg i nærmiljøet til mange av innbyggjarane på Byglandsfjord. Området har eit potensiale som møteplass og arena for aktivitetar som vil kome både fastbuande og turistar til gode. Det er ynskjeleg å vise fram det fine området, dei gamle stasjonsbygningane og historia som fylgjer jernbanen og Byglandsfjord.

Frå før av var det oppretta ei arbeidsgruppe for utvikling av stasjonsområdet, og denne gruppa har vore ein viktig bidragsytar i prosjektet. I tillegg har det vore ei brei involvering i prosjektet, både frå lokale innbyggjarar, næringsliv og turisme. Fagleg kompetanse innan kulturminne har vore viktig å involvere heilt frå starten, slik at forslaga er gjennomførbare med tanke på dei freda bygningane og området. Fredinga gjer at sjølv små grep må vere reversible.

Agder fylkeskommune har gjeve økonomisk støtte til prosjektet og har i tillegg bidrege med gode innspel undervegs i arbeidet og, ikkje minst, utarbeidd den flotte hageplanen.

 

Vidare arbeid

Moglegheitsstudien blir presentert for politikarane og for innbyggjarane. Vi må saman prioritere kva tiltak vi skal starte med ut i frå behov, kapasitet og ressursar. Bygland kommune har fått tilskot på kr 459 800,- frå Gjensidigestiftelsen til utvikling av området.