Har du innspel til høyringsforslaget?

Høyringsfrist er 12. september 2023.

Send inn ditt høyringsinnspel ved å nytte det digitale skjemaet. NB! Personsensitive opplysningar må ikkje bli oppgitt i skjemaet.

Kva skjer etter at du har sendt innspel?

Etter høyringa vurderer kommunen alle innspela. Da kan planforslaget bli endra, eller gå uendra vidare til politisk behandling, avhengig av kva for innspel som kjem inn.

Alle innspela blir lagt ved planen slik at politikarane kan lese innspela.

På denne sida finn du:

  • Plandokumenta som er på høyring og offentleg ettersyn
  • Digitalt plankart
  • Trykte temakart
  • Grunnlagsdokument som er brukt i arbeidet med planforslaget

Plandokument

Kommuneplanen sin arealdel består av plankart, planføresegner og planomtale som utdjupar arealpolitikken og ser på den samla arealdisponeringa. Konsekvensutgreiinga skildrar konsekvensane av endra arealbruk.

Temakart PDF (A1 format):

Plankart

Her finn du kommunen si innsynsløysing med digitalt plankart og digitale temakart.

 

Kommunekart

Mitt kart

Medverknad

Det vart gjennomført fleire medverknadsarrangement i planprosessen. Her finn du informasjon og rapportar Medverknad til planarbeidet.

Her kan du lese plandokumenta

Det ligg trykte eksemplar av plandokumenta til gjennomsyn på:
  • Publikumsmottaket på kommunehuset, 1. etasje
  • Biblioteket på Bygland (opnar etter ferien 7. august)
  • Biblioteket på Byglandsfjord (opnar etter ferien 7. august)

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til planforslaget eller planprosessen. Merk førespurnaden med 20/273. Grunna ferieavvikling vil ikkje spørsmål bli svara på i juli.
  

E-post: post@bygland.kommune.no
Post: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland
Tlf.: 379 34 700