Kva gjer vi?

Skulefritidsordning er eit omsorgs og tilsynstilbod for barn i 1.-4.klasse, og for barn med særskilde behov på 1.-7.trinn etter enkeltvedtak. Ordninga er eit fritidstilbod utanom elevane si ordinære skuletid. Tilbodet blir organisert som ein frivillig del av grunnskuletilbodet.

Kva kan du forvente?

Skulen sin føremålsparagraf skal leggjast til grunn for SFO-ordninga . Innhald og verksemd skal byggje på barna sin trong for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Den pedagogiske plattforma i SFO skal vere tufta på fridom til fri leik. Fri leik skal prege det daglege innhaldet i ordninga.

Tenesteleiar og foreldre fungerer som styringsgruppe. Oppgåvene til styringsgruppa er å fastsetje innhaldet i og evaluere SFO.


Søkje plass ved SFO
Søknadsskjema ligg under lenka til den enkelte skulefritidsordninga - sjå i høgre marg under "Skjema"

Opningstider:
Måndag - fredag 07.30 - 16.30.
Innanfor denne ytre tidsramma fastset tenesteleiar opningstida ut frå ei behovsvurdering.

SFO er stengt de tre siste vekene i juli og fem dagar i løpet av skuleåret.
Utover dette skal skulefritidsordninga være tilgjengelig i alle feriane.

Betaling:
Kommunestyret fastset satsar for betaling kvart år, gjeldande satsar står på søknadsskjemaet.