Reduksjon i foreldrebetaling for SFO på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal gje reduksjon i foreldrebetalinga for SFO på 1. og 2. årstrinn dersom

a) foreldrebetalinga utgjer meir enn 6 prosent av samla bruttoinntekt for hushaldet siste året eller
b) det er ei varig nedgong i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Denne ordninga gjeld både heiltids- og deltidsplass.

Foreldre som får redusert betaling for eit barn på 1.trinn treng ikkje søkje på nytt i 2.klasse om ikkje situasjonen endrar seg.

Betaling for kost kjem i tillegg.

Alle søknadar som er mottatt innan 1.11.2020 vil gjelde for heile SFO-året. Det vil seie frå og med 1.8.2020. Eventuell avreikning vil kome på faktura for neste månad.

Søknadar som kjem etter 1.11.2020 vil bli handsama fortløpande, og vil gjelde frå den første i månaden etter at kommunen har mottatt søknaden.

De må sjølve søkje om redusert betaling.

Søknadsskjema finn de HER.

Du må dokumentere familiens samla bruttoinntekt. Saman med søknaden må du leggje ved:

  • Kopi av siste skattemelding
  • Dersom det er større endringar i inntekt etter skattemeldinga, må dette dokumenterast (lønn, stønadar, trygd o.a.)
  • Studenter må leggje ved kopi av studentbevis eller stadfesting om skuleplass.

Skattefrie overføringar ( t.d barnetrygd, kontantstøtte, barnebidrag) skal ikkje inkluderast i inntekt.

Ved behov for å ettersende dokumentasjon kan dette sendast til:

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland

Vedtaket kan påklagast til kommunen etter hovudregelen i forvaltningslova § 28 andre ledd.

​ Informasjon om gratis SFO for barn med særskilde behov

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilde behov på 1.-7.årstrinn, jf.opplæringslova. Tilbodet på 5.-7.trinn skal vere gratis og ein treng ikkje søkje om dette. Kommunen krev betaling for kostpengar.

Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon om eit søsken har ordinært sfo-tilbod.