Lenke til heimesidene for oppvekstsentra
 

  • Bygland oppvekstsenter består av barnehage, skule (1. - 10. klasse) og skulefritidsordning (SFO)
  • Byglandsfjord oppvekstsenter består av barnehage, skule (1. - 7. klasse) og skulefritidsordning (SFO)

Bygland kommune satsar på oppvekst, og det kjem og fram i ulike målingar som blir presentert på landsbasis. Kommunen ligg høgt på målingar for skule og barnehage, i Aust-Agder og landet elles. Det er ei målsetting at resultata i Byglandsskulen skal vere på høgde med eller betre enn landsgjennomsnittet.

Alle elevane skal få tilpassa opplæring, og elevar med spesielle behov skal gis kvalifisert spesialundervisning der det er naudsynt. Begge oppvekstsentra har høg lærartettleik, god kompetanse i både fag og i høve til skulemiljø.

Oppvekstsentermodellen gjer det mogleg å følgje opp barna frå dei startar i barnehagen fram til dei gjeng ut av grunnskulen. Omgrepet "tidleg innsats" betyr for oss å tenkje heilskap og ikkje vere avgrensa av skillet mellom skule og barnehage. Vi ser barna frå 1 år til 16 år som ein heilskap, og set inn tiltak kor det trengs.

Skjema for oppvekstsentra i Bygland
Søknadsskjema for permisjon frå undervisning

Søknad om barnehageplass

Mellombels utskriving av elev

SFO - Søknad om plass

Orientering om SFO på Byglandsfjord (Oversikt over skuletida)

Orientering om SFO på Bygland (Oversikt over skuletida)