Koronaviruset (SARS- COV-2) sprer seg, og i samband med dette ønskjer kommunelegen å orientere om følgande:

  • Oppsøk ikkje legekontoret i Bygland eller legevakt uanmeldt (for å skåne andre pasienter og evt. immunsvekka pasientar)
  • Ved mistenkt smitte, ringer ein til fastlegekontoret eller til legevakta. Det vil då bli gjort ei vurdering, og ved eit antatt smittetilfelle vil legen avgjere korleis prøvetaking skal skje. Det vil ofte vere snakk om heimebesøk. Ver budd på at legen vil bruke smitteverntøy

Telefonnummer til legevakta - landsdekkande, er 116 117.

Eit mistenkt smittetilfelle føreligg når ein har akutt luftvegsinfeksjon (hoste, sår hals kortpust eller feber) OG i tillegg i løpet av dei siste 2 vekene før plagene starta, oppfyller minst 1 av følgande kriterie:

  • Har vore i område med vedvarande spreiing (Desse landa oppdaterast løpande på Folkehelseinstituttet sine nettsider: Per 26.02.2020: fastlands Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea, og regionene Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia)

Område med vedvarande spreiiing – oversyn frå Folkehelseinstituttet

  • Har vore i kontakt med et koronavirussmitta menneske eller handtert prøvemateriale frå eit koronavirussmitta menneske.
  • Vis omsyn og varsemd ved besøk til sjukeheim, kommunale bustader eller hjå personar ivareteke av heimetenesta. Ver budd på at ein i verste fall vil kunne måtte snu i døra på ein sjukeheim/omsorgsbustad dersom ein har feber eller andre teikn til luftvegssjukdom

Generelle råd

  • unngå å nyse/hoste direkte på andre
  • hald god avstand til personar med luftvegsinfeksjonar
  • bruk god handhygiene. Vask hendene med såpevatn i minst 30 sekund
  • handdesinfeksjon i 10 sekund kan nyttast dersom ein ikkje har rennande vatn tilgjengeleg
  • Bruk eingongstørkle ved hoste, eller host inn armhulen.

Råda følgjer det norske folkehelseinstitutts retningsliner.

 

Temaside om koronavirus - Folkehelseinstituttet

Risikogrupper:

Dei fleste som blir smitta vil trulig få luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, mens nokon vil få alvorligare sjukdom med blant annet lungebetennelse. Med den kunnskapen vi har så langt, ser det ut til at eldre personar (>65 år) og personar med underliggande kronisk sjukdom, har høgast risiko for alvorleg forløp av 2019-nCoV-infeksjon.

Åsulv Horverak
Smittevernlege