Restriksjonane er innført etter råd frå Helsedirektoratet. Dersom du er i tvil om du bør avstå frå besøk - kontakt Byglandsheimen på telefon 945 32 942.

I Bygland kommune gjeld desse restriksjonane for:
- Byglandsheimen, inklusive bufellesskap og omsorgsbustader, på Bygland
- Omsorgsbustader i Strandgata og Stasjonsvegen på Byglandsfjord
- Psykiatribustadane på Byglandsfjord
 
Bygland kommune viser til fortløpande oppdatering av informasjon på FHI sine sider både når det gjeld råd til befolkninga og helsepersonell om COVID-19:
Folkehelseinstituttet sine internett-sider: www.fhi.no 
 
 

Restriksjonar av besøkande til sjukeheim, heildøgns omsorgsbustad og døgnplassar på kommunal øyeblikkeleg hjelp (KØH)

Bebuarar i sjukeheim, heildøgns omsorgsbustad og KØH plassar vil på grunn av høg alder og at mange har kroniske sjukdommar, ha auka risiko for alvorlege sjukdomsforløp ved smitte av COVID-19.
God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for smitte av COVID-19 og besøkande skal følgje grunnleggande smittevernrutiner for å beskytte bebuarar.
Med besøkande meiner vi pårørande og omgangskrets til bebuarar, friviljuge hjelparar og andre som leverer tenester og bidreg med aktivitetar ved institusjonen.

 

Helsedirektoratet tilrår til at følgjande personar IKKJE besøkjer kommunale helseinstitusjonar:

  • Personer som vore i områder med vedvarande spreiing av COVID-19 siste 14 dagar. Områder med vedvarande smittespreiing oppdateras fortløpande på FHI sine nettsider: https://fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-avkoronaviruset-coronaviruset/
  • Personer som siste 14 dagar har vore i nærkontakt med person som er stadfesta smitta med COVID-19. Nærkontakt blir definert som: 
  • Personar som siste 14 dagar har hatt teikn til luftvegsinfeksjon. Symptom med feber, sår hals og hoste er rapportert. COVID-19, kan hos ein del, gi heilt milde symptom slik at lett forkjølelse eller snue i seg sjølv utan andre teikn til sjukdom bør føre til at besøk til institusjon blir utsett.