Kva blir rekna som ei

Det må i kvart enkelt tilfelle gjerast ei konkret vurdering av kva som er ei mindre endring. Mindre justeringar av grenser og arealformål eller endringar i arealformål kan vere aktuelt å ta som mindre endring. Endringar som ikkje går utover hovudrammene i planen, som ikkje påverkar gjennomføringa av planen elles eller rører ved viktige natur- og friluftsområde, vil stort sett bli sett på som mindre endringar.

Eksempel på mindre endringar:

  • Mindre justering av arealformålsgrenser, tomtegrenser, byggegrenser og frisiktsoner.
  • Legge til tomteinndeling i eit byggefelt i planen.
  • Mindre justering av byggehøgder, utnyttingsgrad og andre bygningsrelaterte føresegner.
  • Mindre justering av lineføringar for infrastrukturanlegg.
  • Endringar i føresegnene til planen.
  • Endringar som er lite konfliktfylte, også sjølv om endringa i seg sjølv er stor, og som ikkje går utover hensikta til planen og gjennomføringa elles.

Kva skal sendast til kommunen ved ønskje om mindre endring av reguleringsplan?

Før kommunen tar ei mindre endring opp til behandling, skal følgjande vere levert:

Komplett forslag med

  • Kva du ønskjer å endre
  • Eventuelt plankart med innteikna endring og eventuelle avstandsmålingar
  • Eventuelt planføresegn med endringar
  • Kvifor du ønskjer å endre planen/føresegnene
    • Grunngjeving for endringa og beskriving av eventuelle verknadar og dokumentasjon på verknadar som for eksempel illustrasjonar av planlagde bygg eller geotekniske vurderingar
  • Kven som er tiltakshavar for endringa

Kor kan søknad om mindre reguleringsendring leverast/sendast?

Du har tre alternativ:

  • levere til sentralbordet på kommunehuset
  • sende som brev til: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland
  • sende epost til: post@bygland.kommune.no

Vidare saksgang

Etter at søknaden er motteke, vurderer planavdelinga forslaget og om det kan bli handsama som ei mindre endring.

Kommunen sender ut forslag til endringar i plankart og eventuelt føresegn saman med eit førehandsvarsel til naboar (eigarar/festarar) og andre relevante instansar for uttale.  Uttalefrist er sett til minimun 2 veker.

Dersom kommunen ikkje har motteke vesentlege merknadar til endringsforslaget, kan saka sendast til politisk handsaming i plan-, miljø- og ressursutvalet. Er det motteke vesentlege merknadar til endringsforslaget, må det vurderast om saka skal bli behandla som ein reguleringsplan.

Vedtak om mindre planendring kan påklagast. Ei eventuell klage vil bli lagt fram for plan-, miljø- og ressursutvalet. Dersom klaga ikkje blir teke til følge blir ho sendt vidare til fylkesmannen for behandling.

Reguleringsendringar vil bli kunngjort i avis eller på nettside.

Etter at uttalefristen har gått ut, vil planavdelinga legge endringane inn i eksisterande plan eller føresegn.