Planområdet er på om lag 361 daa og er vist på vedlagde oversiktskart og varslingskart som gir plassering og avgrensing av planområdet.

Planområdet ligg på austsida av Otra på Austad i Bygland kommune, området er i Strandsoneplanen for Byglandsfjorden og kommunenplanen sin arealdel avsett til LNF-område.

Det blei halde oppstartsmøte med Bygland kommune 14. august 2019.

Hensikten med planen er å regulere arealbruken for utbygging av Austad kraftverk som er fritatt for konsesjon. Ein vil arealfeste kraftstasjon, røyrgate, tilførselsvegar og anna arealbruk tilknytt kraftverket. Det vil og bli arealfesta eit kommunalt høgdebasseng samt røyrtrase til dette. Planarbeidet vil også omfatte masseuttak, skuter/hytteparkering med garasjar og evt. anna arealbruk knytta til næringsutøving i området. 

Planarbeidet vil elles fylgje dei føresegner og retningsliner Bygland kommune har utarbeidd.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan bli retta til AT skog v/Mona Gundersen på tlf 957 94 342 eller ved e-post til mg@atskog.no.

Planarbeidet vil starte opp omgåande. Forslag til detaljplan er tenkt oversendt kommunen for handsaming i løpet av vinter/vår 2020. Kommunen tar stilling til om planforslaget skal bli lagt ut til offentleg ettersyn.

Synspunkt eller opplysningar som synest å kunne ha betydning for planarbeidet sendast skriftleg til AT-Skog AS, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal, eller på e-post mg@atskog.no.

Frist for tilbakemeldingar er 18.10.2019.

Igongsetting av planarbeidet vil også bli varsla på kommunen si heimeside.

 

For AT Skog SA
Mona Gundersen