Det er eit krav frå Kulturdepartementet at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idretts-, nærmiljø og friluftsanlegg.  Kommunedelplanen vart sist vedteken i desember 2019, av kommunestyret

Heile planen rullerast kvart 4 år, men handlingsdelen skal rullerast kvart år.

Det er viktig og sørgje for medverknad i planprosessen. Kommunen ber difor lag og organisasjonar som har planar om å søkje om spelemidlar for 2021 om å opplyse kommunen skriftleg om dette. 

Det er ikkje mogleg å søkje om spelemidlar i 2021, dersom ikkje prosjektet er med på denne planen.

Fristen for skriftleg innspel er 20. oktober.

Du kan sende innspel til:

Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland /epost: post@bygland.kommune.no
Merk sak: Innspel til rullering av IFK plan/spelemidler 2021.

Merk at dersom du skal søkje om spelemidlar for 2021, gjer du dette elektronisk på anleggsregisteret.no.  Søknaden må vere sendt innan 1. november 2020.

Spørsmål kan rettast til: Anne Fauske, Tlf: 954 10 770, e-post: anne.fauske@bygland.kommune.no.