Sjekklister

Informasjon om digitalisering av sjekklistene finn du her

Bakgrunnen for å lage nasjonale sjekklister, er å gjere byggesakshandsaminga meir lik og gi meir komplette søknadar. Sjekklistene er til hjelp i kommunen si handsaming, men den som skal sende søknad kan og bruke den nye versjonen av sjekklistene for å få ei oversikt over kva regelverk som gjeld for dei ulike byggesøknadar.

Lenke til sjekklistene: https://ftb-checklist.dibk.no/

Kva arealplan er det som gjeld?

I samband med byggesøknadar er det nyttig å vite kva arealplan som gjeld for området der du planlegg å bygge.
Bygland kommune har samla alle gjeldande arealplanar i kommunen sitt planinnsyn: http://tema.webatlas.no/bygland/Planinnsyn I planinnsyn kan ein m.a. finne både plankart og føresegner.

Er det andre ting ein bør sjekke?

Vidare kan det vere nyttig å sjekke om det kan vere andre "utfordringar" med tanke på bygging. Dette kan til dømes vere kulturminne, naturmangfald eller naturfarer. Det kan ein sjekke ved å bruke  "Kommunekart avansert" som du finn her: https://kommunekart.com/klient/setesdal/bygland

Førehandskonferanse

Dersom du lurar på noko vedk. byggesøknadar, kan ein også be om ein førehandskonferanse med kommunen. Dette kan gjerast ved å sende inn skjema for oppmoding om førehandskonferanse: Bestilling av førehandskonferanse.pdf, eller bare ta ein telefon til kommunen for å avtale tidspunkt, tlf 37 93 47 00.