Det blir mellom anna presisert kva type tilbygg som er omfatta av unntaket frå søknadsplikten. HER ser du oversikt over endringane .

HER finn ein heile byggesaksforskrifta med rettleiingstekst, kapittel 4 gjeld tiltak som er unnateke byggesaksbehandling.

Det er viktig å merke seg at sjølv om tiltak som er unnateke søknadsplikt etter byggesaksdelen, må det heller ikkje vere i strid med gjeldande plan for området.
Ein viser til Plan- og bygningsloven § 1 - 6, 2. ledd.

Dersom eit tiltak er i strid med plan, må det bli søkt om dispensasjon, generell informasjon om dispensasjon finn du m.a. HER
Dokumentet heiter rettleiing for søknad om dispensasjon (ei forenkling).

For å finne ut kva planar som gjeld i Bygland kommune kan du gå inn på planinnsyn. (Sidene er under utarbeiding og dersom du er i tvil, be om ein førehandskonferanse eller ta kontakt med kommunen).