Den høgtidlege utneminga fann stad under Setesdalskonferansen.

Det er første gong ei slik utnemning skjer.

"Ambassadøren skal ta vare på Setesdal sine interesser over alt der han måtte reise. Som sendemann for dalen, er han vårt bindeledd til institusjonar, sivilsamfunn, media og samarbeidsorganisasjonar i dei land han er. Dette er ein viktig del av Setesdal sitt andlet ute i verda.  Ambassadøren  skal representere Setesdal på ein  god måte og utan tanke på eigen nytte. Olav er  særs språkmektig og formidlar kunnskap om eigenart, natur- og kulturhistorie, aktivitetar og opplevingskvalitetar for tilreisande på ein truverdig måte og med stor personleg innleving. Tittelen er tildelt fordi han i ei rekkje år har gjort ein makelaus innsats ved å fremje Setesdal  og reiselivsnæringa sitt omdømme på ein særs positiv måte både i Noreg  og i utlandet. Innsatsen er gull verdt! Det synlege  teiknet på dette er ei utmerkinga  i form av eit diplom og  setesdalskrullen i gull."

Innhald henta frå www.setesdal.no
Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen