Målgruppa er vaksne med psykiske lidingar og rusproblem som ynskjer hjelp og støtte.

Vi kan tilby:

  • Individuelle samtalar
  • Heimebesøk
  • Koordinering av ulike tenester - som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
  • Individuell plan for dei som har samansette behov
  • Hjelp til å ivareta eiga helse gjennom følgje til lege, tannlege og andre offentlege tenester
  • Ein gjev og hjelp til oppstart av behandling i spesialisthelsetenesta
  • Hjelp til å meistre det å bu i eigen bustad
  • Støtte og samarbeid med pårørande når brukar ynskjer det

Dagtilbod
På Byglandsfjord har kommunen eit dagtilbod på torsdagar for menneske med psykiske lidingar. Det er eit lågterskeltilbod som har som målsetting å hjelpe til med å få folk ut av isolasjon. Tilbodet består av sosialt samvær, enkle hobbyaktivitetar, fysisk aktivitet, turar og eit formiddagsmåltid.

Tenesta er gratis, men ein betalar for mat og kaffi.

Transport til dagtilbodet blir avtalt etter behov.

Om ein ynskjer hjelp frå psykisk helse og rustenesta, kan ein søke sjølv, eller bli henvist av spesialisthelsetenesta eller fastlege.

Treng du individuell plan/koordinerte tenester? Ta kontakt med Kjersti Plathe på mobil 952 15 572.
For å lese meir om individuell plan, kan du lese HER

Lenke til søknadsskjema

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Målsetjinga med Pakke forløp for psykisk helse og rus er:

  • auka brukarmedverknad og tilfredse brukarar
  • samanhengande og koordinerte pasientforløp
  • unngå unødig ventetid for utgreiing, behandling og oppfølging
  • likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur
  • betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar

Forløpet skal tilpassast pasienten sin situasjon , ønskjer og behov. God informasjon og forutsigbarhet for pasient og pårørande skal sikrast gjennom heile forløpet.

Alle pakkeforløpa inneheld omtale av kontaktpunkt og oppfølging i kommunane og ivaretaking av somatisk helse og levevanar.

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Meir informasjon om pakkeforløpet finn du i lenkene nedanfor:

Psykiske lidingar - pakkeforløp barn og unge

Psykiske lidingar - pakkeforløp vaksne

Rusbehandling (tverrfagleg spesialisert rusbehandling - TSB) - pakkeforløp

Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar hos barn, unge og vaksne - pakkeforløp

Spiseforstyrrelsar hos barn og unge - pakkeforløp

Somatisk helse og levevanar ved psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem

Tilsette i tenesta er:
Leiar Helse Kjersti Plathe
Mobil: 952 15 572
Epost: kjersti.plathe@bygland.kommune.no

Spesialhjelpepleiar Rønnaug Kvaale
Tlf: 37 93 47 49
Mobil: 959 12 920
Epost: ronnaug.kvaale@bygland.kommune.no

Andre telefonnummer:
Tlf. Psykiatribustad: 920 03 565