Kurset inneheld brunnleggjande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og litt om krav til reknskap. Det passar difor og for dei som går med tankar om å starte, men som endå ikkje har registrert organisasjonsnummer i Enhetsregisterert.

Kurset har ei varigheit på 3,5 timar og blir gjennomført anten på kvelds- eller dagtid. Merk at det er separate kurs for dei to organisasjonsformene enkeltpersonforetak og aksjeselskap.

Kursa går føre seg i Kristiansand, Skien, Tønsberg, Drammen og Hønefoss.

Stad/dato og moglegheit for påmelding finn du her: http://www.skatteetaten.no/bedriftskurs