PMR si vurdering av høyringsuttalane i møte 03.10.2023

Plan-, miljø- og ressursutvalet (PMR) er styringsgruppe for revidering av arealdelen. Styringsgruppa har hatt to møte etter at høyringsperioden.

  • 25.09.23  - Styringsgruppa gjekk gjennom høyringsuttalane og gjorde ei vurdering av desse. Dei utsette vurdering av uttale frå Bygland IL ang område til endurobane.
  • 03.10.23 – Styringsgruppa gjorde ei vurdering av uttala frå Bygland IL ang område til endurobane. Dei endra i tillegg vurderinga av motsegna frå Agder fylkeskommune og Statsforvaltaren i Agder gjeldande nytt bustadområde på Frøysnes. I tillegg gjorde dei ei vurdering av seint innkome innspel om tilbakeføring av område til LNF for eigedom 30/2 på Haugemonen.

PMR gjorde vedtak av vurderingar av høyringsuttalane i møte 03.10.23.

Vedtaket med saksframlegg finn du under.

Saksprotokoll - Behandling av uttalar etter 1. gongs høyring

 

PMR sine vedtekne vurderingar finn du i dokumentet under.

Høyringsuttalar med styringsgruppa si vurdering

 

Vidare politisk behandling av kommuneplanen sin arealdel blir overført til ny kommunestyreperiode.

 

Du finn høyringsbreva etter 1. gongs høyring nedanfor, under “Vedlegg”