Folkehelseoversikt

forskrifta til folkehelselova blir det lovfesta kommunale ansvaret presisert.

Forskrifta pålegg kommunen å greie ut følgjande område i sin folkehelseoversikt:

  • Befolkningssamansetting
  • Oppvekst og levekår
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
  • Skader og ulukker
  • Levevanar
  • Helsetilstand

Folkehelseoversikt for Bygland 2020 

Folkehelseprofilar

Folkehelseinstituttet utarbeider kvart år ein folkehelseprofil for alle kommunar og fylker i landet. Profilen viser nokre utvalde trekk ved folkehelsa i den enkelte kommune.

Folkehelseprofilen er utarbeid sentralt og viser statistikk for utvalde faktorar som har med folkehelse å gjera. Den seier dermed ikkje noko om årsaker og konsekvensar, ei heller noko om lokale tilhøve. Samtidig er den god på den måten at ein raskt kan samanlikne tala frå Bygland med gjennomsnittet for fylket og for landet elles. Nokre tema i profilen går att frå år til år, medan andre er nye.

Her kan du finna folkehelseprofilen for Bygland: Folkehelseprofil