For å gjere vintervedlikehaldet på dei kommunale vegane endå betre, så ynskjer me at publikum melder ifrå om brøyting og strøing på følgjande telefonar:
  • Vegareal frå Longerak og sørover: Tlf 918 63 403 eller tlf 945 32 945.
  • Vegareal mellom Lauvdal og Storestraumen: Tlf nr 370 76 990. Denne roden blir administrert av Statens vegvesen, og utkalling av mannskapa skjer via deira brøytevakt. Det same telefonnummeret kan også nyttast for vegstrekninga mellom Senum og Storestraumen ( Vestsida )
  • Vegareal frå Storestraumen og nordover til Langeid: Tlf 918 63 403 eller tlf 945 32 945.
Utanom arbeidstid kan teknisk vakttelefon ( tlf 970 04 745 ) formidle vidare eventuelle vintervedlikehaldsbehov på dei kommunale vegane.
Me oppmodar om at dei utøvande brøytemannskapa ikkje blir kontakta direkte. Dette slik at dei slepp å bruke tida i telefonen. Deira mål er å få brøyte mest og best mogleg når behovet er der. Dei gjer ein formidabel innsats når værgudane ikkje er på vår side. Alle vegar bli brøyta / strødd når mannskapa er ute. Utfordringa for ein mann er å vere tilstade for alle på same tid.