Alle som har planar om å lage til eit arrangement blir pålagt av kommuneoverlegen å ha oversikt over alle som deltek i arrangementet. Denne oversikta skal innehalde dato, namn på kvar deltakar og vedkomande sitt telefonnummer.

Det same pålegget gjeld for lag og foreiningar som har ulike treffpunkt, det vere seg treningar, klubbkveldar eller andre former for treff/samlingar.

Ein presiserer at det ikkje er tilstrekkeleg med ei oversikt over "likes" på sosiale medie, dvs om ein har definert ein "like" som ei påmelding.

Bakgrunnen for pålegget er: Om ein kjem i ein situasjon med smitteutbrot, er det svært viktig at smittesporing kjem raskt i gong.  Då vil slike lister ha svært stor verdi, og smittesporinga vil bli gjennomført raskare.

I samband med dette, ønskjer vi og å presisere at desse listene må oppbevarast trygt av arrangør i 14 dagar etter arrangementsdato før dei kan makulerast.