Dei som blir innkalla til vaksinering får ein SMS der det ligg ei lenke. Når du går inn på lenka, får du fleire val: Du kan svare ja eller nei. 

Det er svært viktig at alle registrerer valet sitt i lenka! Du kan og ringe kommunen på 37 93 47 00 for å gi svaret ditt.

Dei som vaksinerer er avhengige av å vite kven som kjem eller ikkje. Om det blir mange som ikkje møter opp til vaksinering, risikerer vi at vi sit att med dosar som ikkje blir brukt. Når tallet på tildelte dosar er såpass lågt, er det viktig at alle dosane blir brukt!