Smittetrykket er stort i Noreg, og det aukar. Dette medfører ei stor belasting på kommunar og laboratorium for å få bekrefta ein positiv sjølvtest. Difor er det nødvendig å gjere endringar i rutinane for testing for covid-19

Endring i rutinar for bekreftande PCR-test

Personar som har fått ein tredje vaksinedose, eller som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane, bør ikkje ta ein bekreftande PCR-test. Ein person med ein positiv sjølvtest blir rekna som eit sikkert positivt tilfelle.

Personar som ikkje har fått 3. dose kan framleis ta bekreftande PCR-test eller antigen hurtigtest på kommunen sin teststasjon, dersom dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjonsplan.

Bekreftande PCR-test blir framleis tilrådd til samtlege personar som søker helsehjelp, og ved alle høve der ein PCR-analyse er viktig for diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Bekreftande PCR-test blir IKKJE tilrådd til følgjande personar

  • Personar som har fått tredje vaksinedose
  • Personar som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane

Bekreftande PCR-test eller bekreftande antigen hurtigtest blir tilrådd til følgjande personar

  • Personar med primær eller sekundær immunsvikt, med dette meiner ein organtransplanterte og immunsupprimerte
  • Barn og ungdom mellom 0 - 16 år
  • Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskingsdose som har behov for koronasertifikat

Har du fått positiv sjølvtest?

Har du fått utlevert testpakke frå kommunen, ligg der ved ein QR-kode. Du kan registrere deg ved hjelp av denne eller du kan gå inn på heimesida vår for å registrere deg.

Les meir om kva du skal gjere om du får positiv test på:

Helsenorge.no eller
Folkehelseinstituttet (fhi.no)