Det kan sjå ut som at vi ikkje har mottatt alle søknadane sjølv om søkar har fått kvittering på at søknadsskjemaet er sendt. Vi har sendt brev til alle lag og organisasjonar som vi har mottatt søknadar frå, og vi bed om at alle som har søkt sjekker om de har fått brev frå oss.

Om du veit at ditt lag har søkt om kulturmidlar og ikkje har fått brev frå oss med vedtak, bed vi om at du sender inn søknadsskjema på nytt. Er du usikker på om du har fått brevet eller om vi har motteke søknaden, bed vi om at du tar kontakt med kommunen anten via telefon 37 93 47 00 eller på e-post: post@bygland.kommune.no.

Vi er lei oss for at dette har skjedd og at det medfører ulemper for søkjarane!