Bygland kommune treng eit lite slagord som set fokus på fjorden, noko som treff godt og som gjerne er kort og fengande.

Tidlegare har vi vore inne på "Det gode livet rundt Byglandsfjorden" og "Fagert fjordliv". Men, er det nokon av dykk som har spenstige idear de tenker passar midt i blinken? I såfall er vi veldig takksame for innspel.

Det er mogleg å kome med innspel via vårt digitale skjema under, via e-post eller brev.

Ønskjer du å sende på e-post, gjer du det til denne adressa: post@bygland.kommune.no
Ønskjer du å sende forslaget i eit brev, gjer du det til denne adressa: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland

Alle forslag må vere hos oss innan 31. oktober 2022