Bygland kommune har saman med kommunane Bykle, Valle, Evje og Hornnes, Iveland og Vennesla utarbeidd nye heimesider med eit heilt nytt design. Bakgrunnen er at vi har kome over i IKT Agder, og dermed vil alle kommunane i samarbeidet ha samme plattform for heimesidene.

 

Fokus

Vi har undervegs i arbeidet hatt stort fokus på brukaren og kva vi trur er nyttig informasjon. Det er aldri lett å finne fram på ei kommunal heimeside - der ligg informasjon "frå vogge til grav", men vi har prøvd å gjere det så enkelt som mogleg.

Skjema

Vi har i tillegg bytta leverandør på skjema. Alle våre skjema er no digitale. Dette sparer brukaren for arbeid med print og sending av utfylt skjema, og du fyller skjema ut på din pc/iPad eller telefon og sender det direkte inn i vårt saksbehandlingssystem.

Måndag 27.11.23

Dette er dagen for lansering av nye heimesider. Vi håper sjølvsagt at alt vil gå knirkefritt, men i og med at alle kommunane slepp ny heimeside samstundes, må vi rekne med at det kan ta litt tid før den nye sida dukker opp.