Vaksinering av barn vil vere mest aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdomar
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for vern
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgong til helsetenester enn i Noreg, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon

Dose 2?

Ein dose blir vurdert til å gi best nytte-ulempebalanse, men det er mogleg å gi dose 2 minst 8 veker etterpå dersom det er ønskeleg. Barn i denne gruppa må bestille time for å få vaksine tilpassa barn.

Desse vaksinane er forventa å kome til kommunen i slutten av januar. Vaksinane kjem med 10 dosar i kvart glas, slik at vi må vaksinere flest mogleg på ein dag slik at vi ikkje må kaste vaksinar som ikkje blir nytta.

Barn og unge 12 - 15 år (født 2006 - 2009)

Desse KAN vaksinerast med dose 2 minst 8 veker etter dose 1

Unge 16 - 17 år (født 2003 - 2005)

Desse BØR vaksinerast med 2 dosar, med tilrådd minst 8 veker intervall

Kontakt

Ta kontakt med Kjersti Plathe tlf. 952 15 572 eller på e-post kjersti.plathe@bygland.kommune.no dersom du ønsker at barnet ditt skal bli vaksinert

Meir informasjon

Koronavaksine - informasjon frå FHI

Alle som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdagen, må ha med foreldresamtykke som er signert av båe føresette.
Her finn du samtykkeskjema