Det skal gå minimum 6 mnd mellom dose 2 og dose 3. Det vil seie at for Bygland kommune, må vi vaksinere dei siste i februar 2022. 

Vi har god oversikt over datoar for dose 2, og vil kalle inn når vi er ferdige med vaksinering mot influensa. Alle vil få innkalling gjennom varsling24 med melding om tid og stad.

Vi ber om at de svarer på meldinga som kjem. Er det nokon som ikkje svarer, vil vi sende ny sms eller ringe.